Etter annonsering av leiaren i Hjørundfjord bondelag, Bjarne Rekkedal, for ei tid tilbake, kunne ein sjå at haugen med gamle landbruksreiskap vaks sakte, men sikkert.   Men dei siste dagane har aktiviteten ved Bondalen grendahus eksplodert.

Jakob gebursdag 001

Tonnevis med jarnavfall på parkeringsplassen ved Bondalen grendahus.

Svært mange gardbrukarar i dalen har nytta høvet til å kvitte seg med gamle reiskap og gammalt jarnskrot utan kostnad. (Diverre har der også kome ein del søppel på staden.)   Ut av mengda med innsamla jarnskrot, ser ein at dette er ei ordning som det vert sett stor pris på.  Utan tvil vil Bondalen etter dette verte ei vakrare bygd.

Jakob gebursdag 002

Alt dette er ikkje museumsgjenstandar, nei.

Sa vi gammalt skrot?  Nei, for mange er dette slett ikkje berre skrot.  Flesteparten av oss har rett nok køyrt jarnavfall til staden, men fleire har heilt sikkert køyrt vekk meir frå parkeringsplassen enn dei har køyrt til.  Unge og gamle har leita etter det store kuppet og nokre ser også ut til å ha funne det.  I dag snakka hjorundfjord.no med ein bonde som hadde tenkt å skaffe seg eit brukt forhaustarhjul, men då han kom til staden, synte det seg at ein annan bonde hadde tenkt det same...  Heldigvis vart det ikkje slåsskamp.

Jakob gebursdag 004

Her ser vi ein gammal forhaustar utan hjul og ser ein litt betre etter, oppdagar ein også ei slåmaskin som har hatt hest som framdrift.

I dag veit ein at det er knapt med jarn på verdsmarknaden.  Etter omsmelting m.m. skulle vel  haugen med jarnskrot hjelpe litt til på mangelen?

hjorundfjord.no veit at fristen for innlevering var sett til den 10.august. Men er du rask, kan du nok framleis verte kvitt ein gammal plog eller liknande.

P.s.:

Til ære for kommentaren under, zoomar vi litt:

Jakob gebursdag 001

d.s.