Dagen i dag har vore fantastisk.  Hå-slåtten vart ferdig i kveld i fint vêr.  I traktoren har eg høyrt radio og spelt U2, og sist, men ikkje minst:  Eg har ete nyrørt blåbærsylte - på ferskt Hjørundfjordbrød.

Bakeri 004

Bakar Dagfinn(Daffa) har, som vi ser,  to damer med seg på bakeriet.  Kanutte(Nutte) - i raudt - er butikk- og kafesjef.

hjorundfjord.no sine brukarar gledde seg stort i vinter då vi fekk høyre at ekteparet Kanutte og Dagfinn Strand igjen skulle starte med bakeri og kafe på Sæbø i turistsesongen.  Minuset er at no er turistsesongen snart slutt....

På spørsmål frå hjorundfjord.no, svarar Nutte at dei hadde ein fantastisk start.  Bygdefolket slutta godt opp om bakeriet.  Etter kvart som turistane kom, synte det seg at også dei sette pris på ferske bakarvarar, laga på Sæbø. 

Bakeri 001

Daffa er mistenkeleg blid sjølv om sesongslutt for bakeriet nærmar seg.  Kan det ha noko med AAFK sitt komande opprykk å gjere?

Men så var det eit eller anna som skjedde - bygdefolket tok til å bruke bakeriet mindre og mindre og no er det ikkje svært så mange frå Bondalen som kjøper brød på det nyopna bakeriet. - Kvifor? undrar Nutte.

hjorundfjord.no veit heller ikkje kvifor, men vi meiner at bakeriet på Sæbø har gjort godt for alle.  No skal vi heller ikkje slå fast kva for brød som er best - Hjørundfjordbrødet, Ørstabrødet eller grovbrødet - men alle desse brøda, og fleire til, er kvalitetsvarer.

Sjølv om vi no handlar heller lite på bakeriet, trugar likevel ikkje Nutte og Daffa med å stenge for godt.  Nei, tvert om:  Dei lovar allereie no at dei vil opne til neste turistsesong sjølv om dei ikkje vert rike på dette. 

Bakeri 014

Her tek Daffa ei ny ladning med Hjørundfjordbrød ut av omnen.  I bakgrunnen ser vi både grovbrød og Ørstabrød.

hjorundfjord.no vil på det sterkaste oppfordre Bondalingane og Hjørundfjordingar elles til å handle bakarvarene på Sæbø no dei siste dagane bakeriet har opent.  Laurdag 26. august er siste opningsdag.  Denne laurdagen bør vi mannfolk - og andre -  stå utanfor og vente når bakeriet opnar klokka 0930. Ferske bakarvarer til laurdagsfrukosten er  nemleg ein sikker suksess i heimen.

Til slutt tek vi med ei historie:

Ein mindre gut her frå Hjørundfjorden var (og er) så glad i blåbærsylte - blåbærsylte på Strands bakeri sitt Hjørundfjordbrød. Ja, det vart så gale at han heller ville ha det enn laurdagsgodt også.  Mor hans vart alvorleg bekymra og sjølv om både blåbær og brød er sunt, såg ho seg nødd til å redusere forbruket av blåbærsylte og Hjørundfjordbrød til son sin.

-Du får så stor mage av mykje blåbærsylte og Hjørundfjordbrød, sa ho til guten.  Guten likte det ikkje, men godtok at forbruket måtte ned.

Under eit Ørstabesøk eit par dagar seinare, vart guten oppmerksom på ei høgravid kvinne.  På passe avstand gjorde guten teikn til at mor hans skulle bøye seg ned - han ville kviskre henne noko i øyret.

Guten peika diskret mot den gravide dama.  - Du mamma, kviskra han. Eg veit kva som er grunnen, men du verden kor godt det er...