Traseen gror igjen

 Rørgate graving
Nedover denne marka går rørgata frå Trandaldalen ned til Trandal kraftverk. Her er det sådd i såra som vart under gravearbeidet. Mykje av det som har kome opp er naturleg nok ugras, men vil nok verte teke over av natureng etterkvart. Bilde til høgre er slik det såg ut mens arbeidet pågjekk.
 

Oppover traseen

Rørgate oppover
Det største inngrepet vart gjort oppover denne strekninga, men sjølv her har
graset kome langt. Med farta oren veks i så er det vel ikkje lenge før det igjen
er småskog her
.
Her er eit bilete som viser same området då
arbeidet var på sitt verste. Daniel Storeide på
photo-shoot saman med meg.

 

 

Trandal kraftverk sett frå sida

 Kraftverket før byggjinga
Trandal kraftverk sett frå sida. Ein ser muren som Tussa har fått sett opp, og
stabbesteinane som er sett opp på kanten der hytta og huset har fått ein ny
tilkomstveg. Tussa har også planta tre på "plen"-bota og i framkant på kraftverket.
Dette biletet viserområdet kraftverket stod i før byggjinga
tok til for fullt.

 

Kraftverket - bakfra

Tussa har fått sett opp stabbesteinar på vegkanten. Innsnevringa for vatnet som
kjem gjennom røra frå Trandaldalen ligg i betongklossen som ligg midt i biletet.
Ein mur er sett opp bak kraftverket for å hindre at massane rasar ned samstundes
som det gjer området finare.

Inntaksdammen
Inntaksdammen til kraftverket er ikkje stor, men vassføringa i kombinasjon med
underdimensjonert sjøkabel gjer at kraftverket likevel produserer den straumen
det skal. Også her har det vore sådd grasfrø, og tilogmed eit tre har fått plass på
eine arma.

Skuleområdet - kraftverksutbyggjing

Trandal skule då arbeidet var på sitt verte. Massehaugen ligg der det ein
gong var ein skuleplass.
 

Skulebygget etter opprydding

Trandal skule etter opprydningsarbeidet. Skuleplassen har stått opp frå dei
døde igjen, og det er endelig mindre kaotisk ut rundt skulebygget.