gjerdsvik

Sæbø sine målskårarar: F.v.: Espen Frøland, Marius Riise, Sverre Børge Hjorthaug, Mats Riise og Tommy Riise Olsen.

 

Som resultatet seier, var Sæbø det klart beste laget. I løpet av kampen produserte gjestene ikkje ein einaste stor sjanse.

Sæbø kom godt i gang, men det tok litt tid før laget skåra mål. Marius Riise var tre gonger åleine i starten av kampen utan å skåre. Han skulle kome sterkt tilbake.

Etter 22 minutt tok Sæbø leiinga. Sæbø fekk frispark førti meter frå mål etter ei grusom takling av Espen Frøland. Heldigvis er leggskinn påbode, elles hadde leggbeinet til Espen vorte knekt tvers av.

Frisparket skulle Marius R. spele opp i feltet. Det gjorde han også. Sverre Børge Hjorthaug og Mats Riise jaga ballen, men ingen nådde han. Det forstyrra likevel forsvaret og Gjerdsvika-målvakta så mykje at ballen gjekk rett i mål.

Etter 31 minutt vart det 2-0. Terje Stokke kom seg fri på sida, og la perfekt inn til Mats Riise som nikka ballen i mål.

Andre omgang var fem minutt gammal då Sæbø auka til 3-0. Det var eit klasseangrep. Øyvind Wille spelte vegg med Terje Holen på venstrekanten, og la inn i feltet til Marius R. Han skåra sikkert frå kort hald.

Atten minutt ut i omgangen kom reprisen. Terje S. dempa ballen for Øyvind W. Han kom seg igjen ned til dødlina og la inn. Marius R. var på plass igjen, og det stod 4-0.

Elleve minutt før slutt vart det 5-0. Tommy Riise Olsen vart felt, og det vart dømt straffespark. Det sette Espen Frøland i mål.

Minuttet etterpå vart det 6-0. Terje H. kom åleine, men ballen vart redda. På bakarste stolpe var Tommy vaken, og han sette ballen i mål.

Rett før slutt vart sluttresultatet fastsett til 7-0- Terje S. kom seg fri på venstresida, og innlegget ekspederte Sverre Børge Hjorthaug i mål.

I og med at Åmdal hadde spelefri denne runden, er Sæbø på tabelltoppen. Der har Sæbø-spelarane tenkt å vere sesongen ut. Den første prøva på om laget er godt nok til det, kjem komande laurdag. Då skal Sæbø til Høddvoll kunstgras for å spele mot Flø.

 

6. div. Avdeling 2

LagSVunnetUavgjortTaptMålPoeng
1.Sæbø1181236 - 1325
2.Bergsøy 21172241 - 2223
3.Åmdal1072128 - 1023
4.Åheim/ÅVK 21171338 - 2622
5.Tjørvåg1162331 - 2120
6.Moldtustranda1122712 - 278
7.Gjerdsvika1222817 - 428
8.Flø1121814 - 367
9.Kvamsøy1011817 - 374