Sæbø sine målskårarar: F.v.: Espen Frøland, Marius Riise, Sverre Børge Hjorthaug, Mats Riise og Tommy Riise Olsen.
Som resultatet seier, var Sæbø det klart beste laget. I løpet av kampen produserte gjestene ikkje ein einaste stor sjanse.
Sæbø kom godt i gang, men det tok litt tid før laget skåra mål. Marius Riise var tre gonger åleine i starten av kampen utan å skåre. Han skulle kome sterkt tilbake.
Etter 22 minutt tok Sæbø leiinga. Sæbø fekk frispark førti meter frå mål etter ei grusom takling av Espen Frøland. Heldigvis er leggskinn påbode, elles hadde leggbeinet til Espen vorte knekt tvers av.
Frisparket skulle Marius R. spele opp i feltet. Det gjorde han også. Sverre Børge Hjorthaug og Mats Riise jaga ballen, men ingen nådde han. Det forstyrra likevel forsvaret og Gjerdsvika-målvakta så mykje at ballen gjekk rett i mål.
Etter 31 minutt vart det 2-0. Terje Stokke kom seg fri på sida, og la perfekt inn til Mats Riise som nikka ballen i mål.
Andre omgang var fem minutt gammal då Sæbø auka til 3-0. Det var eit klasseangrep. Øyvind Wille spelte vegg med Terje Holen på venstrekanten, og la inn i feltet til Marius R. Han skåra sikkert frå kort hald.
Atten minutt ut i omgangen kom reprisen. Terje S. dempa ballen for Øyvind W. Han kom seg igjen ned til dødlina og la inn. Marius R. var på plass igjen, og det stod 4-0.
Elleve minutt før slutt vart det 5-0. Tommy Riise Olsen vart felt, og det vart dømt straffespark. Det sette Espen Frøland i mål.
Minuttet etterpå vart det 6-0. Terje H. kom åleine, men ballen vart redda. På bakarste stolpe var Tommy vaken, og han sette ballen i mål.
Rett før slutt vart sluttresultatet fastsett til 7-0- Terje S. kom seg fri på venstresida, og innlegget ekspederte Sverre Børge Hjorthaug i mål.
I og med at Åmdal hadde spelefri denne runden, er Sæbø på tabelltoppen. Der har Sæbø-spelarane tenkt å vere sesongen ut. Den første prøva på om laget er godt nok til det, kjem komande laurdag. Då skal Sæbø til Høddvoll kunstgras for å spele mot Flø.
6. div. Avdeling 2
Lag | S | Vunnet | Uavgjort | Tapt | Mål | Poeng | |
---|---|---|---|---|---|---|---|
1. | Sæbø | 11 | 8 | 1 | 2 | 36 - 13 | 25 |
2. | Bergsøy 2 | 11 | 7 | 2 | 2 | 41 - 22 | 23 |
3. | Åmdal | 10 | 7 | 2 | 1 | 28 - 10 | 23 |
4. | Åheim/ÅVK 2 | 11 | 7 | 1 | 3 | 38 - 26 | 22 |
5. | Tjørvåg | 11 | 6 | 2 | 3 | 31 - 21 | 20 |
6. | Moldtustranda | 11 | 2 | 2 | 7 | 12 - 27 | 8 |
7. | Gjerdsvika | 12 | 2 | 2 | 8 | 17 - 42 | 8 |
8. | Flø | 11 | 2 | 1 | 8 | 14 - 36 | 7 |
9. | Kvamsøy | 10 | 1 | 1 | 8 | 17 - 37 | 4 |
Kommentarar
Gratulerer med storsiger!
P.S. Då tel ikkje sjuarserien for tre år sidan med, då Sæbø slo Haddal (igjen) 37-1, og alle på laget skåra.
Eg angrar på at eg ikkje har vore meir flittig på kampane til A-laget på Sæbø stadion dei siste åra.
Har laget spelt like godt tidlegare som i går, har eg gått glipp av mykje.
Kraftfull fotball (Var det bulldosar-fotball Ivar M. Normark kalte det?) sette meg tidvis sjakk matt. Eg kosa meg heile tida.
5.divisjon standard!
Rune "Menotti" syntes svært nøgd!
Neste gong skal eg ha med meg "Posten!"
Eg sat saman med Bjarne og Jarle. Kompetanse på kvar side. Bjarne vart meir og meir stolt ettersom borneborna rann inn på bana. (Forståeleg nok!)
Eg gjekk i surr i tellinga.
Meirsmak, meirsmak.....
men savna meir sitte plassa, er ikkje zo kjekt å sitte i en nedover bakke :( skulle ha våre laga fleire benka (trestubbe benka) kanskje han Hustad Thomas vil lage nokon benkar til en billi peng:)
Det skal vel likevel godt gjerast å slå publikumsrekorden frå 1989 då Sæbø møtte Ørsta til seriekamp i 5. divisjon under Hjørundfjorddagane. Ola Sæbønes jobba nok på høggir då over 1000 tilskodarar såg kampen. Kor mange Ola & co ikkje hadde kapasitet til å billettere er vel ingen som veit eksakt.