Laurdag 29. juli reiste 13 spente og forventningsfulle speidarar frå Sæbø på landsleir til Røros. For mange var det første gongen dei fekk vere med på noko slikt, ettersom dette er eit KFUK/KFUM-arrangement som berre vert arrangert kvart fjerde år. Det tok over åtte timar før vi endeleg kunne oppdage vegskilt der det stod Røros på, og ei velkjend kyrkje utanfor bussvindauga. Men sjølv om han vart lang, var bussturen på ingen måte kjedeleg. Ein buss full av overivrige Sæbø-, Volda- og Ørsta-speidarar kan fort verte ei ganske livleg oppleving.  

Vel framme på leirområdet kunne ein stadig skimte nye byggverk vekse fram. Og det gjekk ikkje lange stunda før også vi begynte å finne fram stokkar og tau. Telta kom opp, og leiren tok form, utan at ein einaste spikar vart brukt. Rundt 6000 speidarar frå 14 forskjellige land hadde funne vegen til Røros denne veka. Det vart nesten som ein heil by av telt, der vi stod og såg utover området. Med Røros sentrum like rundt hjørnet, togbane tvers gjennom leirområdet, flyplass like ved, og Noregs einaste ørken eit stykke bortanfor vart det mange nye inntrykk på ein gong.

landsleir 033
Speidarar frå Sæbø i gong med å bygge inngangsportal til området sitt.

 Dagane gjekk fort. Morgonmøte, forskjellige speidaraktivitetar, middagskoking på bål, turneringar, leirbål og haik (tur med overnatting under open himmel). Alt vart gjennomført utan større problem, og sjølv med regn og våte telt var humøret på topp. Utover i veka kom også sola sigande, og snart vart det nesten for varmt om dagen. Dei smarte fann seg ein skugge bak eit hjørne, eller kjølte seg ned med eit kaldt bad anten i elva eller i ei tjørn i nærleiken. Nokre valde også å bruke metoden med å tømme bytter med kaldt vatn over kvarandre. Samstundes kom temperaturen heilt ned i 3 grader om natta, så då syntest nok dei fleste at det var best å halde seg i dei varme og gode soveposane sine.  

landsleir 021 
Sæbø-speidarane har matøkt.

 landsleir 106 
Ein del av leirområdet. 

Energien tok ikkje slutt, og smila var ikkje langt unna, sjølv om det vart mange lange kveldar og netter utan nok søvn. Etter kvart begynte ein også å venne seg til dårlege do og kalde vassbytter som ”dusj”. Leirbåla om kvelden skapte god stemning, og med ein stor kopp kakao fekk ein varmen i kroppen før leggetid. Vi hadde ingenting å klage på, for speidarlivet er verkeleg kjekt! Absolutt til å anbefale. Maten smakar aldri så godt som når du har laga han sjølv ute i naturen, og søvnen følast aldri meir fortent enn når du har vore ute og i aktivitet ein heil dag.  

Men då veka var over merkast det at det hadde teke på kreftene å vere på leir. Det var ikkje alle som var like velvillige med å hjelpe til, og arbeidslysta var ikkje fullt så stor då vi skulle til på rivinga. Men alle deltok, og leirområdet vart tomt att. Alt som stod igjen var nedtrakka marker og nokre hol i jorda her og der. Speidarar er flinke til å rydde opp etter seg. Det seiest at det ikkje skal vere att nokon teikn på at ein speidar har hatt leir, ikkje eit einaste lite sjokoladepapir skal ligge igjen. Minna derimot, dei kjem aldri til å forsvinne. Minna om ei fantastisk veke, både for Sæbø-speidarar og andre speidarar. 
 

landsleir 094 
Kveldsutsikt frå haiken.