6. div. Avdeling 2

LagSVunnetUavgjortTaptMålPoeng
1.Sæbø1281339 - 1825
2.Bergsøy 21273242 - 2324
3.Åmdal1173132 - 1424
4.Åheim/ÅVK 21272342 - 3023
5.Tjørvåg1262432 - 2320
6.Flø1231819 - 3910
7.Gjerdsvika1323818 - 439
8.Moldtustranda1122712 - 278
9.Kvamsøy1121819 - 387

 

Tabellen over syner kor jamt det no er i sjette divisjon. I kveld spelte Åmdal 4-4 mot Åheim/Åram/Vankam2 og Bergsøy 2 spelte 1-1 mot Gjerdsvika.

Fem lag kan vinne avdelinga. Sæbø har faktisk ein føremon. Laget møter Åmdal og Bergsøy2 heime, men har to vanskelege bortekampar mot Åheim og Kvamsøy. Åheim kam vere "dark horse" i dette feltet.

Sæbø er litt skadeplaga akkurat no. Marius Strandmann fekk seg ein overtrakk på treninga dagen før kampen mot Flø, og der var han sakna. Vi trur han snart er speleklar att. Sverre Børge Hjorthaug slit med ein vond hæl,og Jan Tore Sæbønes er diverre langtidsskadd.

Likevel, mot Åmdal måndag 4. september skal det mykje smerter til for å stå over. Der gjeld framleis mottoet "Sæbø i hundre". Det vil seie at Sæbø-spelarane ynskjer å yte maksimalt, og ynskjer hundre tilskodarar på stadion.

Daffa

Nutte og Daffa i fotballstyret krev nok ikkje opprykk, men ynskjer det sterkt.