Denne fire dagars rideturen - eit arrangement i regi av Naturfestivalen - er no i gang.

Kjartan Alnes 004

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her ser vi dei tre deltakarane.  Frå venstre ser vi Weronica Elise Alnes på den fem år gamle vallaken Røder.  Vidare ser vi Kjartan Alnes på den tre år gamle merra Villros.  Kjartan har også med den tre år gamle vallaken Balder.  Bakerst ser vi Marie Helen Stange på den tre år gamle merra Hedvik.

Denne turen starta i Skjåstaddalen, nærare bestemt i Jakobsgarden, i dag ca. klokka 12.  Turen gjekk gjennom Bakkedalen og ned Bondalsbakken og vidare til Rekkedal.  Der hadde dei tre fått seg eit godt måltid på Rekkedal gjestehus.  Dagen i dag ville verte avslutta på Hustadneset.

I mogon skal dei tre og hestane over fjorden med ferja til Leknes.  Ferda går vidare fram gjennom Urkedalen, så opp Langseterdalen og vert avslutta på Patchellhytta der dei skal overnatta.

Kjartan Alnes 006

 

Weronica Elise Alnes er "berre" snart 16 år, men likevel svært flink med vallaken sin.  Faren henner, Kjartan, er enno sjef, men kor lenge?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kjartan Alnes 008

 

Marie Helen Skauge(19), arbeider no i sommar m.a. med alle hestane/fjordingane i Jakobsgarden.  hjorundfjord.no let seg imponere då å rydda opp etter det hesten hadde "slept" frå seg.  Det er tydelegvis ingen slinger i valsen.

 

 

 

 

 

 

 

 

Etter overnattinga på Patchellhytta, går rideturen same vegen tilbake.

Kjartan Alnes har etter kvart vorte ein svært så erfaren hestemann.   Takka vere sine store kunnskapar spesielt om brukshesten fjordingen, har han blitt mykje brukt i ulike samanhengar.  Dei fleste av oss hugsar han nok mest som ein framtredande person i filmen "Den store hesteferda".  Alnes har vidare synt at fjordingen framleis kan brukast til kløvjing og t.d. få fram vinterveden på slede i ulent terreng.

Kjartan Alnes er allereie i gang med å planlegge ein tur i samband med Naturfestivalen 2007.  Då er det meininga at ferda skal gå som i dag, til Sæbø, men frå Leknes skal deltakarane ri til  Fivelstadhagen i Norangsdalen.  Derifrå er planen at turen skal gå opp i Tussadalen og så ned att til Bjørke/Skjåstaddalen.  I Jakobsgarden har dei 10 hestar til disposisjon.  Det er sikkert best å ta kontakt å melde seg på snarast om ein vil bli med på den turen.

Kjartan Alnes 010

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her er Kjartan Alnes på merra Villros.  (Kjartan brukar ordet merr - ikkje hoppe)