Vanlegvis brukar det å vere fint vêr den dagen det nye skuleåret tek til, men i natt og i morgontimane regna det godt.

Regn i Hjørundfjorden 001

Ca. 20 mm med regn kom det i løpet av natta og morgontimane i Bondalen.

Regn i Hjørundfjorden

Hagebord og stolar er våte og vert nok ikkje brukt første timen.  Det er nok best å leite fram fiskestanga...

Regn i Hjørundfjorden 010

Plakaten til skipper Oddvar Olsen og M/S "Hjørundfjord" speglar seg i ein søylepytt.

Dei av oss som framleis held på med hå-slotten hadde nok sett at regnet kunne vente litt til før det kom på besøk.  Er det ingen som gler seg over regnet?

Regn i Hjørundfjorden 006

Her er ein flugefiskar som heilt sikkert gler seg over at Bondalselva veks.

Naturlegvis er det nokon som gler seg over regnet - t.d. laksefiskarane.  Sjølv om det "berre" kom ca. 20 mm regn, vaks Bondalselva mykje i morgontimane.  Det kjem nok av den tørre jorda - vatnet prellar av og renn raskt ned i elva.  No går det vel fram laks som kan gyte i fred?

Regn i Hjørundfjorden 008

Det er altså framleis lov til å fiske med fluge i Bondalselva.

Regn i Hjørundfjorden 017

Framleis regn på frontruta..

Ja, i skrivande stund er det framleis litt regn, men vêrmeldingane er gode.  I ettermiddag skin heilt sikkert sola igjen og då er detvel på tide å plukke litt blåbær?  No er det nemleg blåbær over alt.

Trolldalen0001

I desse dagar høyrer blåbær og fjelltur saman, men bæra kan også plukkast i spann.  Nyrørt blåbærsylte rett frå frysaren ein kald februardag... Vi seier ikkje meir.