Vanlegvis brukar det å vere fint vêr den dagen det nye skuleåret tek til, men i natt og i morgontimane regna det godt.
Ca. 20 mm med regn kom det i løpet av natta og morgontimane i Bondalen.
Hagebord og stolar er våte og vert nok ikkje brukt første timen. Det er nok best å leite fram fiskestanga...
Plakaten til skipper Oddvar Olsen og M/S "Hjørundfjord" speglar seg i ein søylepytt.
Dei av oss som framleis held på med hå-slotten hadde nok sett at regnet kunne vente litt til før det kom på besøk. Er det ingen som gler seg over regnet?
Her er ein flugefiskar som heilt sikkert gler seg over at Bondalselva veks.
Naturlegvis er det nokon som gler seg over regnet - t.d. laksefiskarane. Sjølv om det "berre" kom ca. 20 mm regn, vaks Bondalselva mykje i morgontimane. Det kjem nok av den tørre jorda - vatnet prellar av og renn raskt ned i elva. No går det vel fram laks som kan gyte i fred?
Det er altså framleis lov til å fiske med fluge i Bondalselva.
Framleis regn på frontruta..
Ja, i skrivande stund er det framleis litt regn, men vêrmeldingane er gode. I ettermiddag skin heilt sikkert sola igjen og då er detvel på tide å plukke litt blåbær? No er det nemleg blåbær over alt.
I desse dagar høyrer blåbær og fjelltur saman, men bæra kan også plukkast i spann. Nyrørt blåbærsylte rett frå frysaren ein kald februardag... Vi seier ikkje meir.
Kommentarar