P8060007

Ørsta-kaptein Thomas Indrearne (t.v) med sigersstatuetten til Ørsta, og turneringa sin beste spelar, Geir Arne Kaspersen.

 

Før kampane søndag såg det ganske sikkert ut at Ørsta ville spele finale. Det spennande var kven laget ville møte.

Sæbø hadde i første kamp søndag sjansen til å avgjere det heile til eigen føremon. Siger over Vartdal ville gje sikker finaleplass. Men Sæbø leverte årsverste, og tapte fullt fortent 0-2.

Neste sjanse til finaleplass var Hovdebygda. Med siger over Åmdal ville fjerdedivisjonslaget vere sikker på finaleplass. Men laget svikta totalt, og kom under 0-3 til pause mot sjettedivisjonslaget Åmdal. HIL skjerpa seg etter pause, men to mål var ikkje nok.

Dermed var det Vartdal som hadde det beste utgangspunktet. Med å unngå eit større tap enn 0-5 i siste kamp mot Ørsta, ville laget vere sikra finale mot nettopp Ørsta. Men Varrtdal gjekk ikkje på bana for å tape minst mogleg. Laget gjekk på bana for å slå Ørsta. Vartdal greidde 1-1.

I finalen opna Ørsta best, og gjekk tidleg opp i 1-0. Vartdal let seg aldri overspele, og var med heile tida. Tre minut før full tid auka Ørsta til 2-0, men Vartdal gjekk ret frå avspark og skåra. I sluttminutta hadde Vartdal sjansar til å utlikne, men Ørsta vann til slutt. Ørsta var ein verdig vinnar av Sæbø-cupen, og var det beste laget.

Sæbø fekk tredjeplassen, Hovdebygda vart nummer fire, og Åmdal fem.

Geir Arne Kaspersen, Ørsta, vart kåra til turneringa sine beste spelar. Marius Riise, Sæbø, vart toppskårar med fire mål.