DSCN1512

Sverre Børge Hjorthaug var arg då dommar Kjell Johan Aarseth dømde straffespark i mot han. Men etterpå ar dei venner att.

I den første kampen laurdag var det Åmdal mot Ørsta. Ørsta var det klart beste laget, men sleit med å skåre mål. Laget vann 1-0 etter skåring av Cato Steinnes. Mot slutten av kampen var Åmdal meir med, og skapte sjansar til å utlikne.

I den andre kampen møttest Sæbø og Hovdebygda. Sæbø var det klart beste laget, og vann 3-1. Sæbø sine mål vart sette inn av Marius Riise (2) og Jomar Leknes, medan Hovdebygda skåra på straffe ved Henning Tafjord. Sæbø leia 3-0 før HIL utlikna.

I kamp nummer tre var Vartdal og Åmdal motstandarar. Vartdal vann 2-0 etter skåringar av Kenneth Holsæker og Markus Dimmestøl. Med det resultatet er det klart at Åmdal ikkje kan nå finalen, men Vartdal har framleis mulegheita viss laget slår Sæbø kl. 14.00 søndag.

I den siste kampen laurdag var det Ørsta mot Sæbø. Ørsta vann 5-0, og det var klasseskilnad mellom laga. Ørsta-spelarane var mykje meir skjerpa til denne kampen, og divisjonsskilnaden var tydeleg. Ørsta sine mål vart sette inn av Hallgeir Aam(3), Jan Kjetil Holen og Tomas Lid Kleppe.

Etter laurdagens kampar har Ørsta sju poeng, Sæbø seks, Hovdebygda fire, Vartdal tre og Åmdal null. Ørsta ser ut til å gå mot finale, medan Sæbø, Hovdebygda og Vartdal kjempar om den andre finaleplassen.

 

Rebbestad

Ørsta sin Terje Rebbestad varma opp til laurdagens kampar med å springe Saudehornet Rett Opp på ein time og ti minutt.