Alle som vil vite meir om 420kV-linja som kanskje skal gå gjennom Ørsta/Volda, bør møte opp på Bondalen grendahus på tysdag kveld. Då vert det ope møte med debatt og mykje informasjon om linja, seier Gunvor Bakke i Folkeaksjonen mot 420kV luftlinje Ørskog - Fardal.

Desse politikarane stiller opp:
Fylkesordførar Jon Aasen(AP), fylkesvaraordførar Svein Atle Roseth(Krf), Olav Bratland(H) og Jan Magne Dahle(Sv)

Blant dei andre deltakarane finn vi fleire lokalpolitikarar, stortingsrepresentant Bjørn Jacobsen (SV), leiar i Norges Naturvernforbund Lars Haltbrekken og prosjektleiar i Statnett, Magne Maurset. 

Bondalen grendahus kl.19.00 -

PROGRAM:

1) Innleiing v/Inge Kolås og Øystein Solevåg

2)Kraftlinje Ørskog-Fardal:Konsekvensar for Sunnmøre

    Presentasjon av planane v/Magne Maurset, prosjektleiar i Statnett

    Miljøkonsekvensar v/Jonny Loen, M&R fylke

    Naturkonsekvensar v/Tommas Engan, Allskog

    Reiselivskonsekvensar v/Bjarne Rekkedal, repr.lokalt reiseliv 

3)Alternativ til kraftlinja og behovet for ein ny kraftlinjepolitikk. 

    Innlegg v/ Lars Haltbrekken, leiar Norges Naturvernforbund

    Kommentar ved/Bjørn Jakobsen stortingsrepresentant(SV)

4)Videre arbeid med kraftlinja Ørskog - Fardal 

    Innlegg v/ Hans Olav Myklebust, ordførar i Ørsta

    Innlegg v/Inge Kolås, Folkeaksjonen og Øystein Solevåg, Naturvernforbundet.

Ca.kl.21.30 returbuss til Ørsta og Ålesund