Kravet er klart det:  Minimum 30 prøveskot, delt over to eller fleire dagar og så 5 av 5 skot innanfor sirkelen på hjorten.  Har du klart dette, er du også for hjortejeger å rekne.

Skytebana til Hjartåbygda Skyttarlag i Aldalen, er for heimebane å rekne for mange av oss Hjørundfjordingar som ynskjer å jakte på hjort, eller ei jente eller ein gut som ynskjer å skyte med salonggevær.  Steminga på bana er alltid god.  No må det vedgåast at det likevel er mest mannfolk som er der, men kvinner på bana er heldigvis ikkje lenger eit særsyn.  I kveld var m.a. Oddhild Saure Bogen frå Bjørke der.

Oppskyting 002

Her ser vi utfordringa: Oddhild skyt på ein "elektronisk hjort" på 100 meters avstand.  Ho skyt 5 skot og alle skota skal vere innanfor sirkelen.  Forstørr biletet og sjå sirkelen på hjorten på skjermen.

Om Oddhild greidde prøva?  Ufint spørsmål - sjølvsagt.

No var det ikkje berre Oddhild av familien som var på skytebana.  Ektemannen Tom Eirik greidde også skyttarprøva.  I tillegg fekk Sigurd - sonen på snart 14 - skyte med ei jaktrifle for første gong.

Oppskyting 008

Her skyt Sigurd med ei jaktrifle for første gong.  Mor Oddhild gjev kyndig innstruksjon.

Skitt jakt seier hjorundfjord.no og legg til at siste frist for oppskyting i Aldalen er tysdag 5. september.