Trandal beitelag har tre medlemar.  Dei tre er Atle Bakken frå Gurskøy, Ingvald Skårland frå Velsvik i Volda kommune og sist, men ikkje minst: Bondalingen Odd Bjarne Bjørdal

I dag er det ikkje lenger husdyr på Trandal, men bygda har ein fantastisk beitedal.  Det synte lammevektene i fjor.  Ein hadde ei heller tidleg sanking og flesteparten av lamma vart køyrt direkte til slakteriet.  Likevel vart lammevektene fine og klassifiseringsresultatet over all forventning. 

I år har dei tre gardbrukarane sendt ca. 660 sauer og lam på beite på Trandal.  Ein førsetnad for at ein skal få til ei effektiv sanking og at det tre skal få delt frå sine sauer, er eit skikkelg skiljeanlegg.  Anlegget vert sett opp i desse dagar.

Saueinnsamling 006

Ingvald Skårland er ein kjend mann for mange Hjørundfjordingar.  Han er ikkje berre medlem av Trandal beitelag, han er også ein mykje brukt saueklippar. Gjatarhund har han sjølvsagt også.  Isi er namnet, men er berre 2 år.

Saueinnsamling 009

Isi set pris på å verte klappa av alle, også Atle Bakken frå Gurskøy.

Saueinnsamling 005

Odd Bjarne Bjørdal, i framgrunnen, er den tredje medlemen i Trandal beitelag - og direktør.  Her lagar han underlag for vekta.  I bakgrunnen ser vi Olav Velsvik, assistent.

Saueinnsamling 007

T.h. ser vi Vegard Bakken, son til Atle Bakken.  Også han var assistent - og villsaueigar.  Den tredje assistenten denne dagen var underteikna...

Saueinnsamling 021

Isi var høgt og lavt heile dagen.  Ho gler seg til sauesankinga i Trandaldalen - den første helga i september.

Saueinnsamling 027

Nokre sauer og lam kom visstnok for å teste anlegget.  Sæbøneset i bakgrunnen til høgre.  Hustadneset lengst i bakgrunnen.

Saueinnsamling 029

I skiljeanlegget må det vere mange gjerder og portar.  "Huset", dvs. taket vert sett opp for å verne vekta.  Det er vekta på lamma som avgjer om dei er slaktemogne.

På Trandal vert sauene og lamma sanka heller tidleg.  Den ordinære sankardatoen i Ørsta kommune er sett til laurdag den 16. september.