Helge Strand, Thomas Hustad og Johan Riise børsar på Sæbø-kaia. hjorundfjord.no er også ein børs. Vi oppmodar lesarane om å engasjere seg på denne børsen.
Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle portalen vidare. Tankane er mange, og nokre byrjar å konkretisere seg. Vi skal m.a. gje plass til personalia, det vil seie ei spalte der folk kan leggje inn helsingar til jubilantar, leggje inn minneord osb.
Det er også slik at mest alt som er gjort på hjorundfjord.no til no er på dugnad. Skal vi utvikle portalen vidare, må det brukast pengar. Difor vil vi etter kvart kome med betalingstenester overfor næringslivet. Kort sagt vil det seie annonsar og kanskje tilbod om å lage til eigne heimesider underlagt portalen. Det vil vere eit tidkrevjande arbeid å lage eit system for dette, og truleg vil det ikkje kome noko slikt tilbod før årsskiftet.
Skal hjorundfjord.no framleis vere interessant for lesarane våre, er vi klare over at vi heile tida må ha nyhende og artiklar som er ganske ferske. Då treng vi hjelp frå lesarane om tips. Kanskje vil også nokre av lesarane verte skribentar. Det er ganske enkelt. Det er berre å registrere seg som brukar, og då vil ein ha mulegheit til å leggje inn stoff.
Vi ynskjer å engasjere heile Hjørundfjorden i arbeidet med hjorundfjord.no. Vi vedgår at det til no har vore ei overvekt av stoff frå Sæbø/Bondalen og Trandal. Då er det berre for folk i andre grendelag å hive seg rundt, og skrive om det som skjer. Terskelen er låg. Hugs at hjorundfjord.no er brukarstyrt, og at det faktisk er mykje opp til folket i Hjørundfjorden sjølve å avgjere kva profil portalen skal ha.
Vidare ynskjer vi å engasjere ungdommen. Bruk portalen, få fram kva som rører seg hos ungdommen i fjorden. Ungdommen er fjorden sin viktigaste ressurs.
Kom også med tips og tankar til oss, på e-post eller i kommentarspaltene under kvar artikkel og nyhende. Bruk elles litt tid på portalen. Leit deg rundt, og du vil finne bildegalleri, oversikt over lag og organisasjonar, historisk stoff på sogelaget og kulturvernlaget sine sider, du kan lese om bygdemobiliseringa, og ikkje minst aktivitetskalenderen. Skjer det noko i fjorden, ein konsert, eit stemne eller det som måtte vere, legg det inn på kalenderen. Det er gratis.
Kommentarar
I kveld heldt det på å skje igjen at vi tok rekord på maks antall unike treff pr. døgn. Teljaren stoppa på 464 berre 7 unike for å tangere den gamle rekorden, men det er likevel lenge sidan vi har oppnådd slike treff.
Kanskje har det med at Tussa sine abonnentar har vore utan portal ca. 1 døgn, og at dette resulterte i ein slags portalabstinens? Ikkje veit eg, men eg skal seie meg nøgd med kvelden. =)