Televik har erfaring frå Tippeligaen med Hødd, og la opp som toppspelar i fjor. Flø har heile sesongen annonsert at Televik og andre tidlegare Hødd-spelarar skulle spele for dei. Laurdag var for første gong i år alle på plass. Det fekk Sæbø erfare.

Flø var best frå start, og spelarane var ballsikre. Det var vanskeleg for Sæbø å etablere eige spel. Midtveges i første omgang var stillinga 2-0.

Rett før pause auka Flø til 3-0, og det såg mørkt ut or Sæbø. Men samstundes var Sæbø på veg inn i kampen spelemesig. Stjernene på Flø byrja å verte slitne.

Andre omgang starta med eit flott skot frå Marius Riise som vart slått til corner. Det såg ut som om Sæbø hadde starta opphentninga. Like etterpå vart det 4-0 eter eit unødvendig balltap på midtbana.

Så kom Sæbø. Først skåra Terje Stokke på eit frispark, og like etterpå kom Jomar Leknes igjennom etter ein stikkar frå Lars Urke. Han feila ikkje, og krangla ballen i mål.

No var det Sæbø som skapte sjansar, og med tjue minutt att å spele, var det optimisme i Sæbø-leiren. Marius Riise hadde to farlege gjennomløpingar, Sverre Børge Hjortuhag og Terje Stokke nikka like utanfor frå kort hald, og Jomar Leknes hadde også sine sjansar.

Flø var sjeldnare framme ved Sæbø-målet, men eit kvarter før slutt vart det farleg. Det enda med ei nedriving og straffespark som Flø skåra på.

På stillinga 5-2 såg det vanskeleg ut, og Jomar Leknes si redusering til 3-5 på ei heading fem minutt for slutt kom for seint.

Dermed vart det tap for Sæbø, som no har svært lyst til å revansjere seg - mot Åmdal på Sæbø stadion den 4. septemeber.