Har du høyrt om bonden som skulle starte med slåtten?  Han ville først slå rundt husa med motorslåmaskina, men då den skulle dragast i gang, var motoren borte....

Bonden i dette tilfellet var Sigve (Aklestad) og den som hadde knabba motoren, var sonen Jørund.  Dette var starten på Jørund si karriere som bilbyggar i eige firma - Aklestad Autoindustri.

Bilen til Jørund 023

Den første bilen frå Aklestad Autoindustri - Føhnix I (den første).

La det vere sagt med ein gong - den motoriserte kassebilen er køyrbar også i dag.  Rattet og styringa på denne bilen er frå far Sigve sin gamle Serigstad forhaustar.   Panseret er frå ei gammal og stor motorslåmaskin.  Bakhjula og motoren er frå ei motorslåmaskin - Tielburger T 75. 

Underteikna hadde forresten same type motorslåmaskin.  Truleg var dette den dårlegaste motorslåmaskina som er seldt i Noreg - ho starta aldri når ho skulle.  Motoren er sikkert langt betre eigna til ein kassebil...

Bilen til Jørund 024

Også på Føhnix I er detaljane på plass - m.a. to lykter (lyser berre når bilen går - same prinsippet som på ein sykkeldynamo) og ikkje minst ørna i grillen.

Som ein ser av fotografia, hadde Jørund stor sans for detaljar også tidlegare.

Bilen til Jørund 026

Her ser vi den "stolne" motoren.

Jørund understreka at det vanlegvis er påmontert eit deksel utanpå reimhjulet slik at det ikkje skal vere farleg å køyre denne kassebilen, men no nyleg måtte han "låne" dekselet til eit anna prosjekt.  Sigve opplyste forresten at det hende fleire gonger at motoren mangla då han skulle bruke motorslåmaskina så Jørund fekk gode erfaring i å skifte motoren mellom slåmaskina og kassebilen.

Ja, den siste som prøvekøyrde denne bilen Føhnix I, var Sondre Mo.  Han kan kanskje kome med ein kommentar om køyreeigenskapane?