For ein småbarnsfar med ei datter på ca. ein månad er det ikkje like greit å bruke ein heil dag til ein fjelltur sjølv om vêret er aldri så flott.  Kva gjer ein så?  Jau, då startar ein turen tidleg på morgonen...

Morgontur 005

Planen vår var å gå på Lissjetinden (på Bondalssida vert tinden kalla Solksinshatten), tinden til venstre,  og så gå vidare innover eggar og opp på Storetinden(t.h).  Ved start i Kvanndalen låg skodda tjukk.

Morgontur 015

Her er Fred Ingar på Grøthornet klokka 0715.  Det er framleis tidleg dag og på dette tidspunktet er nok mange konsentrerte om løpet Saudehornet rett opp.  Saudehornet mellom varden og Fred Ingar.  Spissen til høgre for Fred Ingar er nok Vassdalstinden.

DSC02785

Her har underteikna akkurat passert Lissjetinden og er på veg innover etter egga mot Storetinden.  Ein fotograf prøver gjerne å få det til å sjå verre ut enn det er...

Morgontur 030

Etter kvart måtte også småbarnsfaren innsjå at det ikkje var heilt enkelt å gå frå Lissjetinden til Storetinden - i alle høve utan klatreutstyr.  Nei, Storetinden måtte nok angripast frå ein annan kant.

DSC02770

Vi bestemte oss for å avblåse turen vidare oppover, og desseutan hadde vi no vore på Storetinden før.   Nei, vi måtte no fått sett på på Saudehornet rett opp i Ørsta også.  Vi gjekk ned i Heimste Tverradalen.  Tinar isen på vatnet før vinteren tru?

Morgontur 034

Og kva skjer ved vatnet? Ikkje berre stuper Fred Ingar i vatnet.  Han legg av utover vatnet mellom isflaka.  Dette vert vel badeliv i Heimste Tverradalen!

DSC02789

No må det seiast at Fred Ingar tross alt hadde "litt" tekstilar på under bading.  Diverre har det ikkje lukkast hjorundfjord.no å få kjennskap til kven dette er...

Morgontur 038

Det må vel innrømmast at fjellturen ikkje vart heilt som planlagt, men Fred Ingar innførde denne formiddagsstunda ein ny idrett:  Hopping frå isflak til isflak.

Morgontur 041

No veit eg at foreldra til fred Ingar kjem på besøk i morgon.  Eg har lova å ikkje sladre om denne ansvarsløysa her.

Det vert sikkert mange som vil bade i dette vatnet etter at desse bileta vert vist.  Den enklaste vegen til denne badeplassen er å gå opp frå Rognestøylen.  hjorundfjord.no møter gjerne opp og fotograferer...

Knut Hustad