Siste som var meldt her i går kveld var skyting og det fortsette med det til kl 6.00, i grushola på Holen. Som ein tråd i heile arrangmentet så har det vore umuligt å få ut informasjon, ja sjølv om den mest uvesentlege ting som ikkje har noko med løypa og konkurransen å gjere, dette kunne naboane til grushola etter ein søvnlaus natt bekrefta då dei var heilt uvitne om at konkurransestarten var nattskyting rett utanfor husveggen deira. Dette må dei som er ansvarleg ta tak i og be om unnskyldning.

Etter at skytinga var over så vart deltakarane transporterte til Sæbø for å verte frakta til Finnes med Sjøheimevernet sine hurtigbåtar. Her tok dei seg oppgjennom Bakkedalen, Russadalen og ned i Kvamsedalen, der den bemanna posten var. Sta_

Kvamsedalen- deltakarane kom ned frå høgre i bilete til støylen som ligg i næraste ende til vatnet. 

 

 Løpet gjekk så videre opp på Kvamsedalsreset og rundt Tua til Longhorndalen.

STA_2492

Frå Tua mot Longhorndalen.

 

I Longhorndalen var der bemanna post med skyteøvelse.

IMG_2511_1 Frå Tua ned gjennom Kvistaddalen

 Kvistaddalen

 

Løpet gjekk videre nedgjennom Kvistaddalen til Kvistadbrua, her skulle bruhølen kryssast.

Commr.påveg gjennom røret

Lag 4 er på veg gjennom røret som fører til bruhølen.

 

Commr.på med selen

 Sikkerheitselen må på før ein får krysse elva.

Kvitadbrua

Folk hadde møtt opp for å sjå på kryssinga av elva, men elva var dessverre på eit lavmål.

 Kvistadbruhølen

Ingen dramatikk her sjølv etter eit krevjande løp.

 

endeleg over

Endeleg over.

 

 

 

Deltakarane hadde 9minutt frå dei startar på posten kryssing ved Kvistadbrua og med dette laget gjekk det bra får vi håpe.

 

Tyskerane er snart over

Det tyske laget hadde heller ikkje problem.Sunnmørsposten sin fotograf viser stor interesse på berget til høgre i elva. 

 Toppmøte på Kvistadbrua
Toppmøte på Kvistadbrua. Lydhøre offiserar tek i mot ordre

 

I skrivande stund kl.19.00 er det forsatt lag igjen i Kvistaddalen som ikkje er komne i mål

 

Kvelden vert avslutta med grillkveld og premieutdeling.