Jau, eg har sendt nokre bilete til Tor Eirik (Trandal) av Trandal frå ein eller annan fjelltopp. Eg har gjort det mest på gauk, men har sagt at eg har gjort det for å få han til å lengte tilbake til Trandal.  Eg har fått det same svaret tilbake kvar gong:  -Eg treng ikkje sjå bilete for å lengte tilbake til Trandal.  No forstår eg han så godt....

I kveld ringde Odd Bjarne (Bjørdal) meg.  Han lurte på om eg ville vere med til Trandal for å sjekke om sauene han har på beite der, hadde det bra.  Svaret måtte bli ja, eg hadde ikkje vore så langt opp i Trandaldalen før.  Eg fekk snart oppleve at Trandal har endå meir å by på enn Christian Gaard.

Trandal 003

 

Odd Bjarne har sett brillene på nasa og leitt fram kikkerten.  Skårasalen i bakgrunnen.

 

 

 

 

 

 

 

Trandal 009

 

Dette er kvalitets- varer.

 

 

 

 

 

 

 

 

Trandal 011I Trandaldalen var det også tre hestar.  Gjetarhunden Sandra likte seg ikkje heilt godt her.

I bakgrunnen skimtar vi Sylvkalen.

 

 

 

 

 

 

 

Trandal 018

 

Eg har ikkje greie på hestar, men denne er vel litt lang i maska?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Trandal 023

 

Sandra tek seg ein pust i bakken. Dalen er mykje større enn eg hadde venta.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Trandal 034

 

Her ser Odd Bjarne sauer oppe i den grøne skreda.

 

 

 

 

 

 

 

 

Trandal 036

 

Vi veit nok kven som er mora til desse lamma, men kva med farsskapet?

 

 

 

 

 

 

 

Trandal 038

Noregs vakraste postkontor har adresse 6183 Trandal.  Poststyraren heiter Karin Trandal.  Ho og ektemannen Per Jarle har fått til det mest utrulege på Trandal.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Trandal 041

 

Postkontoret har eiga ripsbæravdeling også.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ta ferja frå Sæbø til Trandal klokka 1900.  Tek du med bilen, kan du køyre fram gjennom dalen, gå ein fin tur og så et du nista og drikk kaffien du har med.  På tilbaketuren får du sett dette vakre postkontoret og i desse dagar høyrer du gjerne ein som bles på lur.  Det gjorde i alle høve underteikna.

Trandal 043

 

Klokka 2135 går ferja tilbake til Sæbø - via Leknes.  Men NB: På denne turen stoppar ferja berre på signal.

Frå øvre salong på ferja vil du no få ein tur med panoramautsikt.

 

 

 

 

Trandal 052

 

Ein seglbåt på fjorden vert liten i høve til Jakta - fjellet med kveldssol på.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 Trandal 056

Det særmerkte fjellet i bakgrunnen, er Trandalhatten.  Fyrlykta i framgrunnen høyrer sjølvsagt til på Leknes - det einaste neset i Hjørundfjorden med fyrlykt,

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Trandal 058

Ja, til slutt ser vi utover den vegen vi kom ifrå.  Du kjenner vel att Trandalhatten?

Kva ventar du på?  Ferja går kvar dag.  Nemnde eg at Trandaldalen har eige badeanlegg? Nemde eg... Nei, det beste er å oppdage sjølv.

Knut Hustad