Tidlegare var det vanleg å dyrke korn til matmjøl også her i Hjorundfjorden.  Eg er ikkje sikker på kva sort(ar) som vart dyrka, men kva heiter sorten på biletet under?

Kornåker 018

Kva sort korn er dette?

I dag hausta eg altså denne åkeren (foto under), men eg har fått nokre tips om at eg var for tidleg ute dersom eg ville lage matmjøl av kornet.  Kva meiner du?

Kornåker 012

Er det rett at eg har hausta dette kornet for tidleg?  Korleis skal det sjå ut dersom det skal verte matmjøl av det?

Det hadde vore kjekt om du som er under 12 år kunne svare på desse tre spørsmåla - i kommentarfeltet under.  Premiering må vi nok kome tilbake til etter kvart...