hjorundfjord.no har dei siste dagane opplevd ein stor auke i talet på treff, noko vi er svært takksame overfor publikum for. Vi som har arbeidd med Hjørundfjordportalen det siste halve året, har hatt det svært løye. Å skape ein ny møteplass for hjørundfjordingar er motiverande og inspirerande.

 

DSCN1259

Ivar Svein Mo (t.v.) er leiar for Hjørundfjorden bygdemobilisering, medan Tor Eirik Trandal er formgjevar, innhaldsleverandør og hjorundfjord.no sin desidert viktigaste mann saman med broren Håkon..

I uformelle omgjevnader på Sagfjord komande fredag kveld (den 1. september), ynskjer vi å treffe bygdefolk, og samtale med dei. Vi er overtydde om at våre viktigaste og beste kritikarar er hjørundfjordingane sjølve.

Hjørundfjordportalen er ein del av Hjørundfjorden bygdemobilisering. Dei to viktige føremåla med bygdemobiliseringa er å skape næringstiltak og trivselstiltak. hjorundfjord.no er faktisk begge deler. Vi håper at vi gjennom hjorundfjord.no er med på å skape noko varig til glede for hjørundfjordingar i og utanfor fjorden.

hjørundfjord.no har altså som mål å vere ein av dei viktigaste møteplassane for heimebuande og utebuande hjørundfjordingar. Vi vil skape glede, men også debatt.

Spesielt ynskjer vi å nå ungdommen. Vi ser på ungdommen som fjorden sin viktigaste ressurs, og oppmodar også unge hjørundfjordingar om å kome på hotellet denne kvelden (aldersgrensa er nok atten år). Vi er sikre på at vi blant undgommen har folk som både vil medverke i innhaldet på portalen, og som kan gje oss innspel på kva vi bør konsentrere oss om, både på hjorundfjord.no og i bygdemobiliseringa elles.

DSCN1274

Rune Sæbønes er arbeidsleiar for hjorundfjord.no på vegner av styringsgruppa i Hjørundfjorden bygdemobilsering. (P.S. Biletet på framsida er av Knut Hustad, medlem i styringsgruppa og viktig innhaldsleverandør på hjorundfjord.no).

Vi håper hjorundfjord.no sine folk ikkje vert dei einaste på Sagafjord fredag kveld, og ser fram til å møte bygdefolket og alle brukarar av hjorundfjord.no til ein prat om Hjørundfjordportalen. hjorundfjord.no vil vere til stades frå 20.30.

 

Rune Sæbønes

Leiar i arbeidsgruppa for Hjørundfjordportalen.