I desse hå-slått tider kan det hende at ein eller annan slåttereiskap sviktar. Skal ein då kaste eller reparere? På Årset gjer ein sjølvsagt det siste...

Arild Aaarseth er ikkje berre snikkarmeister - han reparerer også forhaustaren når det trengs, men kvar er feilen?

Jau, her kikkar ein kar inn i holdet under, ja... Karen er Jostein og heiter Hanebrekke til etternamn. Feilen er funnen og Arild borar, men trengs ikkje her ein ekspert?

Her er ekspertnabo Asbjørn(Moe) kome på plass.
No held sjølvsagt hjorundfjord.no seg for god til å nemne den tidlegare barnetv-serien Pompel og Pilt. Heller ikkje nemner vi den tjekkiske dukkefilmserien "To gode naboer", for gjekk det ikkje gale med reperatørane i begge desse seriane?
Nei, denne forhaustaren er no i full drift igjen - berre så det er sagt.
Prestegardsløda igjen (14.08.2006 kl. 19:59)
Då er det berre å vente på positivt svar på søknaden og håpe på at bygdefolket ser verdien av dette prosjektet. Forhåpentigvis er det ikkje alt gamalt som ligg på parkeringsplassen ...men det er no likevel bra at det vert rydda rundt om her og der.
Det var også bra at Arild fikk dreisen på forhaustaren sin med god hjelp av den eldre garde:)
Unn Frøland
Prestegardsløda (13.08.2006 kl. 23:15)
Prestegardsløda er eit aktuellt tema og vert det videre utover hausten.Prestegardsløda er eit flott bygg og høyrer til prestegarden og det må aldri verte aktuelt å rive denne bygninga.Ja løda kan brukast til oppbevaring og framvisning av gamle reiskap til bygdefolk og tilreisande. Hjørundfjord kulturvernlag har gjennom årsmøte vedtak sagt seg villigt å motta tilbud frå Opplysningsvesenets fond om å overa løda til denne hensikt, og søknad er sendt. Løda treng mykje påkostning og det må gjerast eit nytt årsmøtevedtak før HK.kan ta på seg ei slik oppgåve.Løda innheld mange fine kulturminne i dag og kan verte eit kulturhus for heile Hjørundfjorden.Det var gjord ein innsats frå ein fin dugnadsgjeng i vår der vi rydda rundtløda. Areala mellom løda og kyrkjegardsmuren kan verte ein fin park til tilreisande turistar og besøkande.
Ivar Svein Mo
Korleis formidle kulturhistoria til etterslek (13.08.2006 kl. 22:44)
Sæbø burde få sitt eige landbruksmuseum der ein sikra eit eksemplar av alt gamalt reiskap, dette kunne kanskje også være interresant for turistar som folk så gjerne vil drage til bygda. Eg tenkjer då på eit museum likt det på Gjermundnes. Korleis står det til i prestegardsløda for tida? Denne ville vore kjempefin til formålet, og der er det vel alt samla inn ein del.
Unn Frøland
Dette var flott (13.08.2006 kl. 00:53)
Bra at nokon tek seg bryet med å reparere ting enno. Vi har desverre vorte ein bruk og kast generasjon, og eg veit at mange gamle syns dette er heilt forferdeleg. Eg kan ikkje seie at eg er ueinig. Mange av dei gamle reiskapa som ligg på grendahuset høyrer heime på eit museum og ikkje som spiker i ein lødevegg.
Tor Eirik Trandal
Svært betryggande! (13.08.2006 kl. 00:41)
Trudde snart eg var den einaste igjen i bygda som ikkje køyrde defekte reidskap og kulturminne i Grandane for skraping. Det er leit å sjå dei gamle fine hestereidskapa ikkje har plass på gardane lenger.Korleis skal dei som kjem etter oss få ta del i denne kulturhistoria?
Ivar Svein Mo