DSCN1574

Over Bondalselva med to av deltakarane.

 

- Det var tøft å springe i Sunnmørsalpane, men for ein imponerande natur, seier karane frå vinterskulen. Dei fekk nemleg tid til å sjå seg rundt, då det var litt ventetid ved postane.

Laget frå Forsvarets Vinterskole vann altså fordi dei var smartast. - Vi var litt nervøse fredag kveld, då vi sat ved teltet og høyrde dei i naboteltet fortelje om opplevinga under Commadoraid i SVeits. Då tok vi ei pils og slappa av, fortel karane.

DSCN1586

Frå føremiddagsoppstillinga på Sæbø.

Dei hadde litt flaks også, for lag nummer to hadde eigentleg fleire poeng enn dei, men miste såpass mange fordi dei berre var tre på laget. Det gav ekstra føremon med å kome raskt gjennom postane, og difor poengtreffet. Og då dette vart offentleggjort under føremiddagsoppstillinga, var det slik det er i militæret: Ingen høglydte protestar.

Kaptein Håkon Thoresen var svært godt nøgd med arrangementet. - Eg er veldig tilfreds. Tilbakemeldingane frå deltakarane er svært gode. Kanskje kjem vi tilbake hit til Sæbø eit anna år, seier Thoresen.

DSCN1590

Hjørundfjordvennen og primus motor for Commandoraid, kaptein Håkon Thoresen, kjem gjerne attende til Sunnmørsalpane med Commandoraid-tevlinga.

 

Les meir om saka  Møre-Nytt tysdag 29. august.