Nederst på sida finn ein statistikken som vert laga av Hjørundfjordportalen. Her er det forskjellige statistiske opplysningar slik som antall brukarar, antall gjestar, antall medlemmar, og eit telleverk over kor mange som har vore innom sidene med maks- og minimumsverdiar.

Tek ein den fyste linja får ein vite kor mange registrerte brukarar Hjørundfjordportalen har.

Den andre linja fortel kor mange gjestar som er på sidene akkurat no, og kor mange medlemmar som er pålogga. Det totale antallet personar som er på portalen vert desse to samanlagt.

Døme:
1 gjest og 1 medlem = 2 personar

Dei to neste linjene fortel maksverdien for antall personar som har vore innom sidene samstundes med dato rekorden vart sett.

Den neste linja fortel oss rekorden i antall unike personar (IP-adresser) som har vore innom sidene på eit døgn, og den neste fortel oss kor mange som har vore innom sidene idag.

Den siste linja fortel oss kor mange unike treff som har vorte generert og antall sidevisningar.

Ei lita oppgreiing om unike og visningar
Unike treff er unike IP-adresser, eller unike husstandar kan ein seie.

Ei IP-adresse er ei rekkje tal som maskinene brukar for å gjere seg til kjenne på eit nettverk. 

Det er to typar IP-adresser.
Ein type for det lokale nettverket mellom maskinene dine i heimen (Døme: 192.168.1.1), og ein type for tilkobling til internett (Døme: 82.200.15.20) 

Om ein har eit nettverk med maskiner og det sit f.eks 5 personar og surfar på Hjørundfjordportalen vil ein berre få EIN unik i statistikken. Kvifor? Fordi nettverket koblar til internett gjennom same tilkoblinga som har EI IP-adresse vil ein på internett berre være synleg som EI maskin.

Det er måtar å omgå dette på, men det er ikkje vanleg enno og difor skal vi ikkje gå nærare innpå det.

Dersom noko enno er uklart må dokke gjerne leggje inn ein kommentar her så skal eg svare så godt eg kan.