Jettegryte ved Tyssefossen
Jettegryte ved Tyssefossen 

På Bjørke ligg kraftstasjonen til Tussa kraft, som henter vatn frå magasinet i Tyssevatnet.

Og her var det på slutten av 1950- og byrjinga av 1960-åra stor annleggsaktivitet, og mange av besteforeldra til elevane frå Bjørke hadde sitt arbeid på annlegga her.

Kraftstasjonen på Bjørke ligg  750 meter inne i fjellet og den 26.august i år  er det 45 år sidan den vart offisielt oppna. Det vil seie at dei tjuvstarta litt før oppninga, den 15.januar om kvelden vart krafta frå Tussa sent ut på nettet, og var med å avverge kraftkrise og straumrasjonering den gongen. Då fekk det våge seg at Tyssefossen forsvant, sjølv om han ved høve, når det er overløp og store nedbørsmengder, viser seg fram att ein sjeldan gong.

Frå  Bjørke tok elevane fatt Bjørkeråsa mot Tyssedalen, ei rås som går gjennom bjørk- og ore skog heilt til ein kjem nær elva på øversida av der Tyssefossen startar. Der kunne vegvisarane stolt vise fram ein skikkeleg turistattraksjon! Der hadde vatn og stein gjennom tusenvis av år forma elvejølet nærast som ei jettegryte.

Oppstilling - Tyssedalen

Frå venstre: Pål Idar Saure, Ivar Andre Skare, Arnfinn Finnes, Erlend Kalvatsvik,Sigurd Saure Bogen, Kristoffer Yksnøy Aurstad, Eline Hansrud,Randi Myklebust, Ina Osdal Saure og  Ole Peder Dalen framme.

Etter å kome opp på høgda gjekk turen ganske raskt inn til demmninga på Tyssevatnet der det vart høve til litt balanseringskunst på  betongkanten  for overløpet. Like ved overløpet ligg Turistforeningas si  sjølvbetjeningshytte, Tyssenaustet, med 6 sengeplasser. Det er opprinneleg eit naust som dei seinare åra er ombygd til ei flott overnattingshytte med nesten alle fasiliteter. Eit lite utedo med  fantastisk vindusutsikt mot Tyssevatnet, og ikkje minst Hornindalsrokken, gjer stunda der til ei naturoppleving av dei sjeldne.

Til neste sommer er det også meininga å kjøpe inn ein lett  aluminiumsbåt til hytta, og eit nytt naust er komen opp for å hyse den, og der  skal det også vere råd å overnatte. Tyssevatnet er eit fiskerikt vatn, trass i at det regulert som kraftmagasin, og mange nyttar høve til å fiske og setje garn i vatnet. Tussa kraft set også  ut fiskeyngel i vatnet.

 Tyssenaustet
TYSSENAUSTET. Turistforeningas si sjølvbetjeningshytte.
 Tyssedalen oversikt
Oversiktsbilde over Tyssedalen. Tyssevatnet med Kvitelvdalsvatnet i bakgrunnen.
Balansering på betongkant
Balansekunst på overløpet

Tilbaketuren  vart lagt om der utløpet av tunnelen frå inntaket av botnen av Tussevatnet kom ut, ein over 1700 meter flat tunnel, som kom ut på høgda rett ovanfor Åkre. Frå ventilkammeret der går det vidare i ei 860 meter sjakt ned til kraftstasjonen inne i fjellet, heilt nede ved sjøen på Åkre.

Ei gammal garasje med ein gammal gråtass Ferguson fanga også interesse der oppe.

Der oppe var der også tillaga  ei treplattform som har vore brukt ved vedlikehald av sjakta.Om den har noko namn vitast ikkje, men alle var enige om at ”Ørnereidet” var eit svært so passande namn,der den klora seg fast i fjellsida. Det  er eit fantastisk utkikspunkt over Skjåstaddalen;med Saursvatnet i framgrunnen,vidare Raustadvatnet og med Sunndalsnipa heilt i bakgrunnen.

Skjåstaddalen - oversikt
 Utsyn over Skjåstaddalen. Saursvatnet  og Saure, Raudstadvatnet,  Skjåstad i enden av dalen.

På turen ned frå ”Ørnereidet” hadde nok fjellførarane valt ei nokså ”utfordrane” rute, men alle kom vel ned til Bjørke att. Og som avsluttning på ein fin turdag stod bading i badebassenget på Bjørke på sluttprogrammet, oppvarma med kraft frå Tyssefossen!

Symjehallen var ei gåve til bygda frå Tussa kraft og vart offisielt oppna i oktober 1987.

Badebassenget vert flittig brukt av bygdafolket og skulen på Bjørke og på Sæbø.

Som ein konklusjon på turen:

Sjølv om bakkane opp til Tyssedalen var krevjande,  trur vi at alle var godt fornøgde med opplegget og turen, og kanskje ein annan gong legg turen til fjella på Bjørke.

Ina Osdal Saure