FISKEFOREINING I BONDALEN?

På den tida eg var verkeleg aktiv i elva fekk eg ofte spørsmålet: "Kvifor dannar de ikkje ei fiskeforeining i Bondalen?" Etterkvart har eg tenkt meir og meir på dette.Vi bur i eit område omkransa av "fisketilbod." Bondalselva, fiskevatn, og ikkje minst fjorden. Dei som stilte meg spørsmålet hadde nok elva i tankane. Lat oss difor no halde oss til ho. Eg ser ofte med vemod på at ikkje unge gutar og jenter rekrutterer oss "gamle" i elva. Kvifor er det slik? Mange unge i bygda er interesserte, det veit eg. Men dei veit liksom ikkje korleis dei skal gripe det an. Eg har spurt fleire om kvifor dei ikkje fiskar i elva. Heile tida får eg svaret: "Vi får ikkje noko." "Dessutan er det så dyrt å kjøpe kort." I min barndom/ungdom hadde vi førebilete som lærte oss elvefiske. Den grunnleggjande teknikk og interesse lærte vi i småelvane. Så var vi klare for "Storelva." Der hadde vi t.d ein Jan Haukeberg og ein Nils Årseth som lærte oss bambusstang-fiske. Med sluk, reke eller makk. Eg minnast så godt det "draget" desse hadde når dei fiska. Med nett og følsam hand lot dei kastet verte avslutta før det neste. I dag er den teknikken snart borte. Vi som lærte dette held oss stort sett borte frå elva. Det polaroidiserte fisket har teke over. Det korte, kjappe kastet der ein ser, elle trur ein ser fisk. Med mykje krøkt fisk som reultat. Tilbake til det opprinnelege. Kan det i Bondalen vere interesse for å skipe ei fiskeforeining? I ein dialog med elveigarlaget kunne hjelp med kultivering, oppsyn og kontroll vere aktuelt. Ungdomar ville kunne lære fisketeknikkar, bruk av utstyr, osb. Vi kunne lokalt "ta attende" elva. Eg luftar tanken, og vert gjerne med!     Helge Strand