FISKEFOREINING I BONDALEN?
På den tida eg var verkeleg aktiv i elva fekk eg ofte spørsmålet: "Kvifor dannar de ikkje ei fiskeforeining i Bondalen?" Etterkvart har eg tenkt meir og meir på dette.Vi bur i eit område omkransa av "fisketilbod." Bondalselva, fiskevatn, og ikkje minst fjorden. Dei som stilte meg spørsmålet hadde nok elva i tankane. Lat oss difor no halde oss til ho. Eg ser ofte med vemod på at ikkje unge gutar og jenter rekrutterer oss "gamle" i elva. Kvifor er det slik? Mange unge i bygda er interesserte, det veit eg. Men dei veit liksom ikkje korleis dei skal gripe det an. Eg har spurt fleire om kvifor dei ikkje fiskar i elva. Heile tida får eg svaret: "Vi får ikkje noko." "Dessutan er det så dyrt å kjøpe kort." I min barndom/ungdom hadde vi førebilete som lærte oss elvefiske. Den grunnleggjande teknikk og interesse lærte vi i småelvane. Så var vi klare for "Storelva." Der hadde vi t.d ein Jan Haukeberg og ein Nils Årseth som lærte oss bambusstang-fiske. Med sluk, reke eller makk. Eg minnast så godt det "draget" desse hadde når dei fiska. Med nett og følsam hand lot dei kastet verte avslutta før det neste. I dag er den teknikken snart borte. Vi som lærte dette held oss stort sett borte frå elva. Det polaroidiserte fisket har teke over. Det korte, kjappe kastet der ein ser, elle trur ein ser fisk. Med mykje krøkt fisk som reultat. Tilbake til det opprinnelege. Kan det i Bondalen vere interesse for å skipe ei fiskeforeining? I ein dialog med elveigarlaget kunne hjelp med kultivering, oppsyn og kontroll vere aktuelt. Ungdomar ville kunne lære fisketeknikkar, bruk av utstyr, osb. Vi kunne lokalt "ta attende" elva. Eg luftar tanken, og vert gjerne med! Helge Strand
Kommentarar
Noregs Jeger og Fiskeforbund har brosjyrer med rettleiingar om korleis ein skal gå fram,m.m.
Dei er særs interesserte i at slike foreiningar vert skipa.Dei hjelper og støttar oppunde. Kurs kan verte arrangert. Alt frå flugebinging, flugekasting til fiskeetikk og fiskemoral.
Ved sidan av det faglege vil godt miljø og kameratskap blant dei unge veks fram. Det syner alle erfaringane frå liknande foreiningar. Dei har ei felles interesse å samlast om.
Eg vonar at det finnast nokre "drivande" guter eller jenter som kan ta tak i dette! Ein event.nasjonalelvstatus for elva treng dei unge.
Alt som har med elva og sideelvar å gjere vert sett meir i system. Men uansett status, ei fiskeforeining vil vere eit aktivum for Bondalen.
Eg vil konkretisere noko.
" Med dette utfordrar eg grunneigarar i Bondalselva til å late guter og jenter frå Sæbø/Bondalen få fiske gratis på deira eigedom komande sesong."
Eg skal personleg (om dei ynskjer det ) vere med dei og syne dei til rette/hjelpe dei med det vesle eg kan!
I ein e-mail til meg undrar ein person seg over om ikkje unge under 16 år gratis kan få fiske på sjøen? Sjølvsagt kan dei det. (Heilt frå babystadiet, om dei vil!)
16-års-regelen gjeld for ferskvassfiske.I innsjøar/vatn som IKKJE er lakseførande kan unge under 16 år fiske fritt. I lakseførande vassdrag må og dei ha løyve/kort frå grunneigar.
P.S, Knut.
Unnataket ditt er allereie innvilga!
Når det gjeld alt fiske anna enn elvefiske er andre langt, langt meir kompetente enn meg!
(Kvar er du Jarle W.?)