
Bondalen ein ettermiddag i mars.

Turistskipet Albatross på vitjing i Hjørundfjorden i juni.

Ein julikveld i Hjørundfjorden.

På ski mot Grøtdalstinden i mars.

Mot Trandal ein juni-ettermiddag.

Jau då. Det kan regne med, som fredag den 25. august.

17. mai var det også fint ver - og god stemning.
Som Magne Furuholmen i A-ha sa til Frank Storeide på Trandal laurdag: "Er de sjølve klare over kor vakkert her er?"
Sleivete, ja.. (31.08.2006 kl. 09:29)
Takk for god kommentar, Unn. I denne saka har i alle høve underteikna vore noko upresis og sleivete. Det har eg nok vore heilt bevist - eg vil gjerne få provosert fram meiningar til folk. I alle høve har eg håpa å få nokre til å tenkje seg om.... Nei, heller ikkje eg vil at det skal byggast turistskipskai i Hjørundfjorden til 40 millionar kroner. Det ville vere i beste fall lite klokt. Nei, pengane kunne brukast uendeleg mykje betre på andre område i Ørsta kommune, men eg meiner det ville vere rett å bruke ein del av desse millionane til turistprosjekt i Hjørundfjorden, t.d. ny kommunal kai på Sæbø til skyssbåten vår, eller slik at t.d. den nystarta snøggbåten, M/S Nordic Sky, kunne få legge til kai i Sæbø sentrum på ein god måte. Eg har sett svært så stor pris på at "gjengen" i Langevåg har våga å satse på ein slik båt i turistsesongen. Slik kunne eg gjerne halde fram med å nemne prosjekt det burde satsast på i Hjørundfjorden framfor ei turistskipskai i Ørsta sentrum... Men om nokon no skulle kome i tvil; eg er overtydd om at turistane meiner at ein tur inn Hjørundfjorden er vakrare enn ein tur inn Ørstafjorden.
Knut Hustad
Det er vakkert nok! (31.08.2006 kl. 09:14)
Eg trur ikkje det er så lurt å blande Herren inn i denne krangelen om turistskipskai, han har sikkert nok å gjere. Sjølv trur eg Handelsstanden byrjar å ha litt for mykje makt i sentrum, indremisjonen har tydeligvis fått ein konkurent.
Eg trur mykje av idyllen og særpreget på Sæbø vil gå tapt om alle disse turistskipsturistane skal i land, og vil vi eigentleg det? Om turistskipskaia hadde vorte på Sæbø, ville det være for seint å snu....Hjørundfjorden burde heller satse på småskalaturisme!
Det er vell ingen tvil om at Hjørundfjorden er den vakraste, er det verkeleg nokon som har sagt noko anna? - Ja, det var no dagens frokostbord-meining, og det ser ut som lille-Marta er heilt samd med mor;)
Unn Frøland
Ørstapolitikarane (30.08.2006 kl. 09:27)
Eg vil egentlig halde meg for god til å seie meininga mi om "ørstapolitikarane", dei vil nok sikkert det beste for ørsta sentrum men, "Herre forlat dei, dei veit ikkje kva dei gjer".
Einar Arve Nordang
Ikkje vakkert nok. (28.08.2006 kl. 23:30)
Vakkert i Hjørundfjorden? Nja... Ørstafjorden er vakrare seier lokalpolitikarane. Difor vert turistskipskaia plassert der. Er vi heldige får vi ei gammal flytebrygge til Hjørundfjorden - til den nye skyssbåten M/S Nordic Sky.
Knut Hustad