Gammal fjøsinnreiing, gamle traktorreiskap, gamle hestereiskap, jarnskrot og det som nokre vil kalle kulturminner, vart i dag fjerna frå parkeringsplassen ved Bondalen grendahus.  Det var Vartdal Gjenvinning v/Gunnar Skjønberg som stod for arbeidet.

Jarnskrot 005

Her ser vi at tanken frå ei gammal gjødselvogn  vert lempa opp i containeren.

hjorundfjord.no veit at det er knapt med jarn/stål på verdsmarknaden og at prisane er høge.  Vi spurde difor om dette jarnskrotet ville kome til nytte.  - Ja, absolutt, slo Skjøberg fast.  - Dette jarnskrotet vil verte sendt til gjenvinning i Mo i Rana.  Der vil det bli smelta og mest sansynleg gjort om til armeringsjarn, men også til armeringsmatter, spikar og truleg også H-bjelkar. 

- Så dette skrotet er ikkje ei utgift for samfunnet?  - Nei, tvert om, meinte karen bak spakane på krana.

Jarnskrot 004

Gunnar Skjønberg slo fast at det innsamla jarnskrotet er til stor nytte for samfunnet.

No vart ikkje alt jarnskrotet fjerna i dag.  Resten vert ikkje fjerna før om eit par dagar.  Difor er det framleis mogleg å få fjerna gamle reiskap m.m. gratis dersom du enno har slikt noko liggande.  Men du har altså berre eit par dagar på deg.

Jarnskrot 007

Men denne kloa plukka Gunnar Skjønberg opp det meste, t.d. underteikna sine gamle båsfrontar.

I vårt område er det Hjørundfjord bondelag som organiserer denne innsamlinga.