Reidar Vågnes er ein landskjend fotballkapasitet. I dag er han spelarutviklar i Sunnmøre- og i Nordmøre og Romsdal fotballkrins. Likevel kjenner vi han nok best som trenar for eliteserieklubben Molde FK. Denne mannen vitja no i helga Sæbø-cupen.
Nei, han sa nok ikkje at dei beste fotballkampane han hadde sett, var spelt på Sæbø stadion Men vafflane derimot, dei kunne han ikkje få rosa nok. Vågnes har vore innom dei fleste fotballstadionar i heile fylket og han sa det rett ut: Vafflane frå klubbhuset til Sæbø IL fortener karakteren 5+ og er dei beste han har smakt i heile Møre og Romsdal. Rett nok må Sæbø dele denne topplasseringa med Stordal, men ein førsteplass er ein førsteplass.
Og kven har så ansvaret for dette kvalitetsproduktet? Vi som brukar å kjøpe vafflar frå vaffelpressa på klubbhuset veit sjølvsagt det, men for andre kan vi nemne at dei to heiter Alvhild Wille og Kanutte Strand. hjorundfjord.no gratulerer.
Her ser vi dei to som har ansvaret både for vaffelrøre og vaffepresse; Alvhild Wille(t.v.) og Kanutte(Nutte) Strand.
hjorundfjord.no nyttar også høvet til å takke dei to som har gjort ein kjempeinnsats for å få det vellukka arrangementet, som Sæbø-cup er, i hamn. Dei to er Dagfinn Strand og Rune Sæbønes. Vi som var tilskodarar til kampane kunne ikkje unngå å legge merke til den gode stemninga som var tilstades - også mellom spelarar frå konkurrerande lag.
Her ser vi Ørsta mottek pokalen for beste lag under Sæbø-cupen. Rune Sæbønes heilt til venstre og Dagfinn(Daffa) Strand med solbriller på hovudet.
Kommentarar