

Faksimile: Møre Nytt 12. oktober 1993
Mange kjende fjes på lagbiletet, men berre eit fåtal av spelarane har seinare spelt seriekampar for a-laget. Jomar Leknes spelar fortsatt for Sæbø, og ellers har Jan Kjetil og Finn Børre Holen spelt mange a-kampar i tillegg til andre klubbar. John Åge Solhaug og Stig Urke har vel ôg notert a-kampar for Sæbø.
Men kva med resten av gutespelarane? Kanskje nokon vil kome med ein "kva gjer eg no" i kommentarfeltet...
Flott premie (28.08.2006 kl. 13:46)
Takkar for premien, Rune! Dette vert nesten som at Ingvar Stadheim skulle få treffe att Jan Åge Fjørtoft & co.
Kjell-Johan Aarseth
Kjell Johan vann (25.08.2006 kl. 18:02)
Kjell Johan Aarseth vann quizen om kor mange KM-titlar Sæbø har i aldersfastlagde klasser. Det er to, smågutane i 1993 og jentelaget i 2000. Premien er at KJell Johan får møte dei spelarane på 1993-laget som møter på Hjørundfjorddagane neste år, og dåmå Kjell Johan også møte sjølvsagt.
Rune Sæbønes
Spanande (22.08.2006 kl. 09:18)
Då gler vi oss til fredag. På same dag som smågutane vart krinsmeistrar i 93 tok også a-laget KM-tittelen i 7. divisjon. Det er historisk med to KM-titlar til Sæbø på ein og same dag.
Kjell-Johan Aarseth
Quizen går til fredag (21.08.2006 kl. 21:47)
Quizen går til fredag. Difor kan eg ikkje kommentere om Kjell Johan sine svar er rette enno.
Rune Sæbønes
sv: KM-titlar (19.08.2006 kl. 09:09)
Smågutanei 93 var i alle fall den første. Seinare har kanskje jentelaget teke ein?
Kjell-Johan Aarseth
KM-titlar? (18.08.2006 kl. 22:46)
Ein liten quiz: Kor mange KM-titlar har Sæbø i aldersfastlagde klasser?
Rune Sæbønes
Kjende fjes (18.08.2006 kl. 11:26)
Her var det mange kjende fjes. Artig å sjå igjen slikt og sjå korleis folk har forandra seg sidan sist.
Tor Eirik Trandal