Ein militær leir har kome på plass på Sæbø
Det er klart for årets tøffaste løp i Sunnmørsfjella. Deltakarane er komne på plass i dag kl.19.00.
Commando Raid er eit årleg løp NROF (Norske Reserveoffiserers forening) arrangerer. Det er ein lagkonkuranse for millitære, og det er fire deltakarar på kvart lag. Det er i år påmeldt 26 lag der eit av laga er eit norsk damelag og seks av laga er utenlandske. Dei kjem frå Italia, Latvia, Danmark og Tyskland. Deltakarane er innkvartert i ei 20 tals telt på marka, i hytter på campingplassen og ein del på hotellet
Militærleiren på marka framom grusbana.
Løpet skal starte ut på morgonen før det lysnar og løypa går 3 mil i svært krevjande terreng opptil 1000 meters høgde. Det som gjer at nokon melder seg på eit så krevjande fysisk løp er opplevelsen av natur og ei stor fysisk utfordring. Etter løpet starter i komande natt får deltakarane ein post dei skal finne og så finn dei videre informasjon på dei komande poster. Det er innlagt skyteøvingar i enkelte postar.
Etter at alle deltakarane har kome i mål på laurdag kveld så vert det grillaften med premieutdeling. Det vert uteke 2 herrelag og 1 damelag som skal delta i liknande løp i Frankrike som ein del av premien.
Utpå morgondagen vil deltakarane kome ned mot bebyggelsen og då er det garantert at dette er folk med høg moral og det er kun lov å krysse dyrka mark som er nyslegen.
hjorundfjord.no har registrert to hurtiggåande båtar frå Sjøheimevernet som ligg ved kai på hotellet som vi reknar har noko med transporten som skal føregå utpå natta.
Sjøheimevernet sin hurtiggåande båt.
Eit helikopter har operert i fjella i kveld så der er nok ein del som er utplassert allereie og det er skyting no kl.00.
Dette vert ei svært spennande natt for dei som vil følge med.
Det er muligheit å sjå deltakarane når dei kjem inn i siste fase ved Kvistadbrua i morgon mellom kl.13.00 til 16.00 der dei skal krysse Bondalselva i Bruhølen.
Vi får håpe Kaptein Håkon Thoresen sin garanti om at det er topp folk han har med å gjere, så ikkje det skjer noko når dei dei kjem i innmarka der dyr og turgåarar kan opphalde seg.
Vi kjem att imorgon med meir, etter at løpet er starta kan vi røpe meir om løypa og kvar den er.
.