Sola skein som om ho ville ta livet av alle utan solfaktor og difor forflytta ein stor del av befolkninga seg ned til vasskanten.

Som alltid var det første tådyppet i vatnet kaldt og forferdeleg(for some), men eigentleg var vatnet så godt og varmt at du ikkje kan tru det. Det yra av både kjende og ukjende badarar, lokale og turistar

 Badeflåten

 

 

 

 

 

 

 

  Flittig brukt badeflåte/flytebrygge

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Badarar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det er mange måtar å bruke badestranda på:

  • En kan dyppe tåa ned i, hyle og springe på land.
  • En vassar ut så langt som kortebuksene rekk ned.
  • Ein kan vasse og hygge seg med å sprute vatten på andre.
  • Ein held seg på flytemadrassar gjennom heile badeopplevelsa.
  • Ein dukkar seg kort og spring hylande på land.
  • Ein kan godt legge seg av (symje).
  • Ein kan symje ut til badeflåten for å nyte utsikta.
  • Ein kan symje ut til badeflåten for å dytte andre uti.
  • Ein kan symje ut til badeflåten for å hoppe/stupe uti.
  • Ein kan også bruke luftmadrass/båt eller andre farkomst for å komme seg ut.
  • Ein kan ligge på stranda heile dagen med eller utan solfaktor for å bli brun eller passe ungane.
  • Stranda er også ein fin stad å vere sosial.
  • Du kan finne krabber eller andre små vesen i vasskanten (om då ikkje krabba vil ta seg ein spasertur over føtene dine).
  • Lage sandslott og vollgrav
  • Grave hol heilt til du treff på vatten.
  • Forsøple (men det gjer vi vel ikkje, gjer vi??)
 Veltvatn
Ein avkjølande dukkert passar fint inn i dette véret  somar 188

 

Fergjebølgjene er alltid like populære, sjølv når dei er laga av mindre, men raskare båtar.  somar 218

 

Dei mest vågale finn seg andre plassar å bade. Dei hoppar frå lemmen, eller frå nedom lemmen. Det er liten tvil om at dette er meir enn gøy.  hoppe
 
 

 somar 319

 somar 278

 

Og til slutt kan ein også benytte seg av ei tom fergekai
somar 316