I ettermiddag og kveld regna det ein del og Bondalselva fekk auka vassføring. Det nytta student ved Høgskulen i Volda, Jan Tore Tellefsen, seg av.
Her landar Jan Tore Tellefsen pjakken.
I kveld, ca. kl. 2130, vart vi som stod på Hustadbrua merksam på ein flugefiskar i Osen - han hadde fått på ein fisk. Etter eit heller kort basketak fekk Tellefsen landa fisken - rett nok ved fekk han hjelp av ein kar som var erfaren brukar av hov.
Dette er ein ekte Bondalselvfisk - ein fin pjakk.
Tellefsen brukte ei sjølvlaga tubefluge, ei fluge som han kalla Blue silver. Og stanga som vart nytta var ei einhands flugestang. Utfordringa er størst på den måten.
No er det ikkje første gang at Jan Tore Tellefsen er i Bondalselva, men dette er første fisken han har fått på land i år. Han kan no slutte å ergre seg over dei 5 han har mist. Det var etter at skuleåret 2005 starta at Tellefsen "oppdaga" Bondalselva. Før den sesongen var slutt, hadde han landa 7 fine laksar/pjakkar.
Konklusjonen for denne helga var enkel for den glade laksefiskar frå Kristiansand: Fenomenal. Start slo Lillestrøm, pjakken beit i Bondalselva og i Volda venta sambuaren på han. Nemnde vi noko om hald?
Kommentarar