A-ha fekk likevel pressa ein tur til Christian Gaard på Trandal inn i programmet for laurdag 26. august 2006. Her fekk popgruppa være med å koke krabbe og fekk servert mange gode historier med verten Frank Storeide.

Morten Harket og Paul Waaktaar-Savoy var ikkje tilstades på Trandal. Morten Harket var på biltur og Paul Waaktaar-Savoy sat på hotellrommet med gitaren sin. Magne Furuholmen hadde med seg øvrige bandmedlemmar og nært støtteapparat på turen til Trandal. Ein halvtime før ankomst til Trandal ringte Furuholmen til Frank Storeide på Christian Gaard og lurte på om det var greit at dei kom og kokte krabber. - "Sjølvsagt" svarte Frank. Ei lita stund etter la båten til i ved flytebrygga. 

Turen til og frå Ålesund vart gjort i ein havraftingbåt (ein gummibåt som er utstyrt med ein stor motor og berekna for bruk i hardt vêr) der dei seinare spelte for nær 15000 publikummerar på velkjende Color Line Stadion.

Furuholmen syns Christian Gaard og Hjørundfjorden var ein svært spesiell og vakkert plass å være på, og han spurte Frank om han var klar over kor vakkert det var i Hjørundfjorden. Frank svarte at han etter kvart hadde vorte blind for dette, men at han prøver å finne nye vakre detaljar kvar dag.  

Då A-ha seinare stod på scena på Color Line Stadion framfor all fansen og tilhøyrarane, sa han at han hadde vore i Hjørundfjorden, og oppsummerte med fylgjande sterke ord til det sunnmørske publikum: "De bør være stolte over å ha noko slikt som Hjørundfjorden".

 
A-ha med fleire
Magne Furuholmen og resten av A-ha. Morten Harket og Paul Waaktaar-Savoy var ikkje tilstades. I stripete topp finn er Linda Storeide og i rosa topp Lenita Storeide. Begge er døtrene til Frank Storeide. Framme sittande på stol sit Didrick Ose som driver med opplevingsturer og er ansvarlig for å føre A-ha medlemmane trygt fram og tilbake i raftingbåt.