Sit du ute på verandaen din og drikk morgonkaffien, eller tek deg ein tur i skog og mark, vil du nok oppdage denne frua her, eller i alle høve sjå resultatet av det arbeidet ho har gjort i løpet av natta.

No er eg ikkje sikker på det offisielle namnet hennar, men eg lærde ein gong i tida at dyret heitte vevkjerring og var heilt ufarleg. I dag kallar dei yngste av oss denne frua for edderkopp - og dermed vert ho farleg. Ja, eg berre spør eg: Er det ein eller annan som kan svare på om dette trivelege dyret verkeleg kan vere farleg?
Vevkjerringa ovanfor, ho er eit praktekseplar av arten. Eg fann henne i ei steinrøys i ei fjellside, men ho likte ikkje å verte fotografert. Difor snudde ho hovudet og gjekk nedover. Uhøfleg som eg var, fotograferte eg likevel. Dermed vart det bakparten hennar som kom i fokus.
Sjølvsagt avliva eg ikkje dyret etterpå - det skulle berre mangle. Heller ikkje øydela eg nettet ho hadde spunne, eller sleit av den solide tråden som var spent ut mellom to store steinblokker og som nettet igjen var festa i. Nei, ver du sikker. Hadde eg slite av den solide tråden hadde nok dei store steinblokkene mist forankringane sine og dermed hadde sikkert heile steinrøysa rasa ut. Nei, kryp under, eller gå rundt.
Med kva heiter dyret?
(30.07.2006 kl. 00:37)
Kaller dei edderkopper, dei eg kaller vevkjerringer har lange føtter og små kropper. Lever på murvegger gjerne i kjeller etager. Men om det er rett veit eg sannelig ikkje.
Har ein edderkopp som bur på kjøkkenglaset vårt. Han har blitt god og feit av stankelbein i sommar ;)
Gerd Sofie Langvatn
Flott med desse makrobileta (29.07.2006 kl. 21:03)
Det opnar seg noko heilt nytt og interessant ved fotografering,når ein har adgang til macro.Sjølv ein edderkopp vert eit kunstverk då. Berre litt fag- hadde du hatt eit par blenderopnigar mindre så hadde heile dyret vorte klart, og ikkje berre fruens bakende! Fint bilete Knut.
Ivar Svein Mo
562 edderkoppartar i Noreg (29.07.2006 kl. 20:41)
Det er registrert 562 edderkoppartar i Noreg, og over 37.000 i heile verda. Alle edderkoppar har gift i seg, men berre eit fåtal er farlege for menneske, og dei lever ikkje i Noreg. Vevkjerringa er ganske snill, men det er ikkje Den Svarte Enka. Hoa avlivar hannen etter kjønnsakta. Edderkoppdyr er forresten ikkje insekt.
Rune Sæbønes
vevkjerringar og edderkoppar (29.07.2006 kl. 19:02)
Etter å titta litt rundt på nettet så ser eg at både du og eg egentlig har feil... Vevkjerringa er ein eigen klasse under edderkoppdyra, vevkjerringa kan ikkje spinne nett og er karakteristisk ved at den har lange bein. Insektet på biletet er ein edderkopp, den er ikkje farleg for mennesker :)
Roy-Magne Mo