
Den fyrste steinen som dei vil presenter er ein juvel i deira auge og dei vil med stoltheit vise den fram til hjorundfjord.no sine brukarar. Eigar er Helge Nordang
Denne steinen reknar dei interesserte medlemmane som noko av det finaste som finst. Steinen er ein peridotitt og vart funnen ca.1100 m/o.h ved Kvitegga.
Det grøne som ein ser i steinen er Peridotitt, det gulbrune er Enstatitt, det raude er Pyrop som er ein granat.
Volda og Ørsta geologiklubben har to styremedlemmar her i Hjørundfjorden, formann Aage Solhaug og styremedlem Helge Nordang. Dersom nokon er interessert i å få vite meir om stein eller geologiklubben, så kan dei kontaktast på:
Helge på tlf.97751915 eller randi.nordang@tussa.com
Aage på tlf.47817952 eller holane@tussa.com
Jernmalm? (29.07.2006 kl. 12:11)
Eg meiner, etter å ha feriert i sulitjelma for ein del år tilbake, at det er jernmalm som ligg på Indre-Trandal. Det er ein forholdsvis stor stein, kanskje ca. 20-30 cm lang. Det rare er at det ikkje ser ut til å være meir av denne typen i området der. Det er eit masseuttak frå vegbygginga, og det er lett å sjå dei forskjellige jord og sandlaga. Trur ikkje denne steinen er plassert der... Kanskje ein med geologisk bakgrunn er interessert?
Tor Eirik Trandal
Hjørundfjordsteinen (28.07.2006 kl. 20:42)
Det er nok ingen steinart som heiter "Hjf. steinen. Det går likevel ei soge om at då eklogitten vart funnen , var det fyrst her i Hjf.Funne vart gjort av nokre franskmenn. dei kunne ikkje uttala Hjf. Derfor namnet Eklogitt i staden.
Beste helsing Helge Nordang
Helge Nordang
Bergartsnavn (28.07.2006 kl. 18:48)
Hei!
Samboeren min er geolog og mineralog, og han har aldri hört om Hjörundfjorditt;) Er det nokon som kan beskrive denne närmare, eller veit mineralsammensetninga? Vi planlegg ein tur til Säbö i slutten av august, sä kom gjerne med tips om kvar vi kan finne interessante lokaliteta;)
Annette Björkedal
Hjørundfjordsteinen? (28.07.2006 kl. 13:09)
Eg meinar at vi fekk høyre i geografi-timane på gymnaset om at Hjørundfjorden skulle ha ei eiga steintype som kun var å oppdrive der, med namnet Hjørundfjorditt? Stemmer dette, eller er det noko eg har drøymt?
Roy-Magne Mo