Dersom ein ynskjer å pynte med dei flottaste markblomar til bryllaupet, er det tid for å gifte seg no.  Om 14 dagar er allereie utvalet  av bomar dårlegare.Fjell og fiske 022_edited

No har vi prestekragar og snart kjem blåklokka.  Skogstorkenebben(over) er så talrik at vi knapt legg merke til han, men sjå kor vakker han er der han står og vender seg mot kveldssola og nyt kvart eit minutt sola skin på han.  Men det er eitt stort problem:  Skal det verte bryllaup, må nokon fri.

Ljå 014

 

Sjå kor flott han er, prestekragen.

 

 

 

 

 

 

 

I vår/sommar har eg gjort ei privat undersøking.  Jau, eg vedgår at eg har vore frekk, kanskje svært frekk.  Men svar har eg fått på spørsmåla mine.  Eg har møtt to flotte småbarnsmødre i rette alder.  På førehand har eg forstått at dei har ein mann heime.  Spørsmåla til dei to har vore likelydande og svara eg har fått, har vore dei same frå begge to.

- Er du gift? Nei... Har du lyst til å gifte deg? Jaa... Har han fridd? Neeii..

Berre så det er sagt gutar/menn: Når ei vakker kvinne nærmar seg 30, er framleis ugift og tek til å flette blomekransar, ja, då må de ta eit hint.  No tenkjer eg slett ikkje på at det er gale å vere sambuarar, men det er no svært hyggeleg med ein skikkeleg fest - for ikkje å snakke om eit vakkert bryllaup.  Det er "in" i tida å gifte seg og vi mannfolk er heldige og slepp ofte lett unna.  Eg trur at damene/brudene likar å planlegge og ordne til  bryllaup.  Men:  Det må altså friast.

Ljå 012_edited

 

 

Tiriltunge.

 

 

 

 

 

 

 

Pessimistane vil sjølvagt seie at eit ekteskap varer berre ei kort tid, men statistikken syner at ekteskapet i alle høve varer lenger enn sambuarskapet .No er det nok for seint å starte planlegge av bryllaupet dersom planen var å gifte seg til neste helg, men om ca. eitt år er det sommar igjen og då...

No vil eg sjølvsagt ikkje røpe namna på dei to damene eg har snakka med - det skulle berre mangle - men eg er sikkert på at det er fleire i same situasjon som ventar på at mannen skal gå ned på kne og..., ja, akkurat.  Likevel er eg sikker på at vi også denne sommaren kan lese om trege menn som ikkje har teke eit hint.  Når så vennene organiserer eit overraskingsbryllaup for dei, vert dei kort og godt tekne på senga.  Kor treg går det an å bli??

Ljå 017

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Som nemnt er Skogstorkenebben også vakker.

Knut Hustad

P.s.  Eg er  også sikker på at gruppa av omtalte jenter/kvinner er samd med meg i denne saka, men eg ventar likevel ikkje kommentarar til dette innlegget frå den kanten.... d.s.