Taklo

Nils Taklo har fast galleri på Hjørundfjordportalen.

 

Den tidlegare ordføraren i Ørsta er målar i pensjonisttilværet. I kjellaren i huset sitt på Sæbø har han rigga til atelier, og der er det stor produksjon.

- Eg prøver å måle kvar dag. Eg har lært av Sigmund Årseth at det må gjerast skikkeleg. Difor brukar eg ordentleg oljemåling på linlerret. Dette trivst eg mykje med, seier Taklo.

Han har alltid vore interessert i kunst, men det er først og fremst i dei fem siste åra han har reindyrka målarhobbyen sin. Han har allerie hatt separatutstillingar, m.a. i Aasen-tunet.

Tako målar i det ein kan kalle ein ekspresjonistisk stil. - Det vil seie at motiva vert danna av inntrykk i mitt eige hovud, seier Taklo.

Bileta er for så vidt naturalistiske, men kan også verke abstrakte. Likevel er det ikkje vanskeleg å kjenne att kvar Taklo hentar inspirasjonen sin i frå.

- Eg er svært glad i Hjørundfjorden, og her vil eg bu for alltid. Likevel, eg har vakse opp i Herøy, og det er derifrå eg har henta dei fleste motiva. Herøy har 180 grader ope hav i horisonten, og det fascinerer meg, seier Taklo.

I det siste har han også byrja å måle Hjørundfjord-motiv. Det er etter ynske frå publikum. - Det er mange som har spurt meg om eg ikkje kan måle Hjørundfjord-motiv. Det verkar som det er stor interesse for det, seier Taklo.

Førebels er det familiemedlemmer som mest har fått gleda av å få Taklo-måleria på veggen. Men med den faste utstillinga på Hjørundjfordportalen, håper Taklo å nå ut til eit nytt og breiare publikum.

- Det er berre å ringje meg viss folk er interesserte i bilete. Eg tek gjerne i mot besøk, og det er ikkje kjøpepress. Folk kan berre kome for å sjå på bileta og slå av ein prat, seier Taklo til hjorundfjord.no.

Nils Taklo sine bilete i bildegalleriet finn du på denne lenka:
http://www.hjorundfjord.no/bildegalleri/nilstaklo