Blomar.JPG

Reiar Per Ola Molvær fekk velkomstblomar frå Hilde Muren i Sæbø grendelag då Nordic Sky kom på sitt første anløp laurdag

 - Velkomen til fjorden. Vi ynskjer dykk lukke til, og håper oppslutninga om tilbodet er så godt at det vil vare i mange år, sa Muren.Med på turen var også reiar Per Ola Molvær i CruiseService. Han synest det var bra at såpass mange var med den første turen.

– Då vi starta i Geiranger i fjor, var det berre tre personar med. Sidan vaks passasjertalet, fortel Molvær til hjorundfjord.no.

Nordic Sky tek femti passasjerar, og det er to daglege turar til Hjørundfjorden. Mulegheitene for passasjerane er mange. Dei som kjem frå Ålesund kan gå av på Trandal, Sæbø eller Øye. I desse bygdene er det mange tilbod passasjerane kan få med seg. Laurdag var det til dømes nokon som tok lunsj på Union Hotell Øye før dei vart med båten tilbake att til Ålesund på den andre turen.

Laurdag var det også folk frå Øye som reiste til Ålesund. Det er også ei mulegheit med Nordic Sky. Folk får to og ein halv time i Ålesund til shopping og andre syslar. To personar som kom om bord på Sæbø, vart med til Øye. Derifrå reiste dei med buss, og på Hellesylt var det om bord i CruiceService sin Geiranger-båt. Seinare laurdag vart dei med tilbake igjen til Sæbø.

Dette tilbodet høver godt ikkje berre for fastbuande og turistar på Sæbø og i Bondalen, men må vere eit godt tilbod også for folk i Ørsta og Volda. Enkelt kan dei få med seg gjester til ein Geirangertur gjennom Norangsdalen. Kombinasjonen er perfekt. Ein får to og ein halv time i Geiranger.

Om bord i Nordic Sky kan ein høyre Harald Grytten fortelje om Hjørundfjorden – på band. Det er også guiding på engelsk. Informasjonen er kortfatta, slik at passajerane også i ro og mak kan få tid til å studere naturen og kulturlandskapet.

I Ålesund har båten stoppestad i Brosundet ved Dronning Sonjas plass. På Trandal er stoppestaden Christian Gaard, på Sæbø er det hotellkaia og på Øye bygdekaia. 

 Øye.JPG

Passasjerane går i land på Øye      

Tur 1

           
  Ålesund Vegsund Hundeidvika Trandal Sæbø Øye
Innover fjorden: 09.00 09.20 09.40 10.00 10.10 10.30
             
  Øye Sæbø Trandal Hundeidvika Vegsund Ålesund
Utover fjorden: 10.30 10.50 11.00 11.15 11.25 12.00

Tur 2

           
  Ålesund Vegsund Hundeidvika Trandal Sæbø Øye
Innover fjorden: 14.30 14.50 15.10 15.30 15.40 16.00 
             
  Øye Sæbø Trandal Hundeidvika Vegsund Ålesund
Utover fjorden: 16.00 16.20 16.30 16.45 16.55 17.30

På Øye er det avgang buss til Hellesylt og korrespondanse til Geiranger med CruiseService sin båt kl. 10.40. Retur frå Hellesylt til Øye kl. 15.15.