- Særleg på Bjørke, Kalvatn, Urke og Standal vil mange bli nøgde med at dei no får breiband. Her har ikkje folk hatt dette tilbodet før, fortel Driveklepp.

Når det gjeld Urke og Standal må folk som bur der vente enda ei stund før breiband er på plass.

- Vi ventar på konsesjon frå NVE, men så snart den er på plass vil vi starte utbygginga, seier Driveklepp til Sunnmørsposten.

Meir oppetid
Breibandsutbygginga i Hjørundfjorden er allereie i full gang. Ein del av prosjektet vil bli ferdigstilt i løpet av juli. Dette gjeld ein del av hovudnettet som går frå Ørsta sentrum til Frøland i Bondalen og vidare til Sæbø sentrum.

- Folk som bur her har breiband allereie, men utbygginga vil sikre større kapasitet og meir oppetid, fortel Driveklepp.

Også folk som bur i Volda, Folkestad og i Austefjorden vil få ei oppgradering av breibandskapasiteten.

Utfordrande geografi
På grunn av den utfordrande geografien i området brukar Tussa både fiberstrekk og kraftige radiohopp.

- I tillegg må vi føre straum fram til enkelte punkt, seier Driveklepp.

Han fortel at arbeidet vil foregå heile sommaren