Oddvar.JPG

Oddvar Olsen fekk blomar frå grendelaga i fjorden og Hjørundfjord bygdemobilisering laurdag. Det var Hilde Muren som overrekte blomane, og ynskte Olsen til lukke med drifta av samfunnsbåten på fjorden.

 

- Vi er glade for å ha samfunnsbåten, og han er viktig for heile fjorden, seier leiar Hilde Muren i Sæbø grendelag til hjorundfjord.no. Det var ho som overrekte blomar til Olsen laurdag.

Sjølv er Olsen nøgd med dei tre første månadene. - Det har vore bre med oppdrag, og samstundes ikkje for mykje slik at eg har fått erfart omfanget med ei slik kontrakt, seier Olsen.

Det er med Ørsta kommune han har kontrakt om samfunnsbåttenesta. I tillegg til kommunen er Møre og Romsdal fylke og Tussa Kraft AS mëd og betalar i båten.

Olsen må også hente inntekter til drifta sjølv med charterverksemd. - Eg kan gå turar i heile fjorden, og også utanfor området. Eg tek gjerne i mot oppdrag, seier Olsen.

Han planlegg m.a. å stille med eigne guidar til turane som vert chartra, slik at gjestene om bord skal få ei fin oppleving.

 

 

Hjørundfjord.JPG

M/S Hjørundfjord har vore i drift som samfunnsbåt i tre månader.