Sjølv etter informasjonskampanjen vi hadde under Hjørundfjorddagane på Sæbø først i juni, syner det seg at  berre er eit fåtal der ute i verda veit om oss.  Meir informasjon må difor ut til folket.  Etter planen vil vi etter kvart  bruke både Møre Nytt, t-skjorter osb. for å få fleire brukarar, men no i første omgang vil vi kort og godt bruke "gamlemåten", dvs. henge opp plakatar.

No har det seg slik at "sjefane" her på hjorundfjord.no allereie har bestemt kva for plakat som skal nyttast, men underteikna (og gjengen på Bellingen) er kort og godt ikkje samd i valet som er gjort.  No har det seg slik at Rune S. heldigvis er ein redaktør som lyttar.  Får han fleirtalet mot seg, skiftar han meining.  Difor har han gjeve meg løyve til å legge ut dei to alternativa her på hjorundfjord.no.  Dermed kan vi som brukarar av portalen kort og godt kan vere med å bestemme kva for ein plakat som skal brukast.  (Underteikna har ikkje laga ein einaste av dei to)

Eit avansert avstemmingsverkty har vi enno ikkje, men legg igjen ein kommentar og sei eit ord eller to om kva for ein plakat du meiner er best. Rune S vil som nemnt lytte til signala som kjem inn. hjorundfjord.no er trass alt brukastyrt.

Og dette er alternativa:  (NB:  Hugs at du kan flytte musepila inn på alternativa, få ei hand, og trykke så med venstre musetast på biletet/alternativa og etter ei stund vil du få ein firkant med pilar i alle hjørner nedst til høgre.  Trykk så med musepila på denne og du vil få eit stort bilete. Plakatane vil få ein A4 storleik.)

.y_variantny_variant

Denne kallar vi alternativ 1.

plakat2

Dette kallar vi alternativ 2.

Flest mogleg bør seie si meining om dette  temaet.  Hugs at av alle uviktige saker her i livet er denne avrøystinga den viktigaste.  Du har ikkje lang tid på å bestemme deg.