Sjølv etter informasjonskampanjen vi hadde under Hjørundfjorddagane på Sæbø først i juni, syner det seg at berre er eit fåtal der ute i verda veit om oss. Meir informasjon må difor ut til folket. Etter planen vil vi etter kvart bruke både Møre Nytt, t-skjorter osb. for å få fleire brukarar, men no i første omgang vil vi kort og godt bruke "gamlemåten", dvs. henge opp plakatar.
No har det seg slik at "sjefane" her på hjorundfjord.no allereie har bestemt kva for plakat som skal nyttast, men underteikna (og gjengen på Bellingen) er kort og godt ikkje samd i valet som er gjort. No har det seg slik at Rune S. heldigvis er ein redaktør som lyttar. Får han fleirtalet mot seg, skiftar han meining. Difor har han gjeve meg løyve til å legge ut dei to alternativa her på hjorundfjord.no. Dermed kan vi som brukarar av portalen kort og godt kan vere med å bestemme kva for ein plakat som skal brukast. (Underteikna har ikkje laga ein einaste av dei to)
Eit avansert avstemmingsverkty har vi enno ikkje, men legg igjen ein kommentar og sei eit ord eller to om kva for ein plakat du meiner er best. Rune S vil som nemnt lytte til signala som kjem inn. hjorundfjord.no er trass alt brukastyrt.
Og dette er alternativa: (NB: Hugs at du kan flytte musepila inn på alternativa, få ei hand, og trykke så med venstre musetast på biletet/alternativa og etter ei stund vil du få ein firkant med pilar i alle hjørner nedst til høgre. Trykk så med musepila på denne og du vil få eit stort bilete. Plakatane vil få ein A4 storleik.)

Denne kallar vi alternativ 1.

Dette kallar vi alternativ 2.
Flest mogleg bør seie si meining om dette temaet. Hugs at av alle uviktige saker her i livet er denne avrøystinga den viktigaste. Du har ikkje lang tid på å bestemme deg.
plakat (30.07.2006 kl. 15:29)
som plakat, likte eg versjon 2 best.
Kristina Kvistad Hustad
Plakatar (25.07.2006 kl. 00:05)
To flotte plakatar, men trur nok alternativ 2 er det som folk lettast vil legge merke til.
Bakgrunnen i seg sjølv er nok til at folk vil sjå to gonger - det ger en ofte ikkje når det er "berre svarte bokstavar".
Ein plakat "konkurerer" om oppmerksomheita med andre plakatar, så det krev ofte noko ekstra for at folk skal lese dei.
Eva Aarskog
Eva Aarskog
Fargar i bakgrunnen (17.07.2006 kl. 17:11)
Fargar i bakgrunnen er ikkje så dumt, dette vil gi eit blikkfang som er meir interessant enn tydeleg skrift på avstand. Desse plakatane vil også føre til at andre enn lokale ser desse, så kanskje ein skulle prioritere å få på plass ei lita tekst på engelsk og tysk om kva ein planlegg med portalen.
Roy-Magne Mo
Plakatane (17.07.2006 kl. 16:20)
Eg syns det er litt artig at det vart slikt eit styr med plakatane. Heng opp begge to så får dei velgje kva for ein dei vil sjå på. Evt på ei delt A3-side... Dette er ikkje ein del av designet, det er berre for å spre adressa hjorundfjord.no. Det er heller ikkje noko varig løysing. Dette vert ikkje plakatar som vert hengande i ti år framover.. iallefall såvidt eg har tenkt. Eg slenger på eit par ord for å fremje alternativ 1: Fargar i bakgrunnen gjer det "rotete" og fargane vil forsvinne etterkvart pga solbleiking. Då vil ein få misfarging av heile greia og det vil sjå stygt ut. Berre sjå på fotografi som er printa ut på en blekkskrivar når dei har vore i kontakt med sollys ei stund. Men for all del.. her er det EIN ting som er viktig: hjorundfjord.no og bodskapen. Kva for form han tek det er eigentleg ikkje det vikigaste så lenge det virkar.
Tor Eirik Trandal
Nr. 2 (17.07.2006 kl. 14:20)
Eg synes den med fargane var flottast
Kjell-Johan Aarseth
Det er så flott atte... (16.07.2006 kl. 23:42)
Takk til Vibeke og dokke andre for gode ord og ikkje minst gode råd. Men, kva for ein plakat, av desse to som er vist ovanfor, er best? Eg oppfattar det slik at til no har to sagt si meining - den med båten er best. Eller..
Knut Hustad
For folket - av folket (16.07.2006 kl. 21:30)
Som utflyttar frå Sæbø og innflyttar i bygda Gausdal i Oppland for 3,5 år sidan så var det noko eg mangla i infomateriellet og på nettsidene og det var folket i Gausdal, fanst det berre skiløyper og fjellknauser der?? (er overbevist no om at det er folk der også...) hjorundfjord.no er ein portal som er laga for folket - av folket. Plakaten må syne dette. La gjerne båten på plakaten vere i bakgrunnen, men kva med å bruke bilder av dagliglivet, dyr, skulen, folk, arrangement osv. på f.eks høgre side. Dette er eit blikkfang, "noko meir å sjå på" og kanskje stopper folk opp og les plakaten og sjekker om det er nokon kjente der. Eg set pris på gode bilder av folk og fe, og eg har sett at m.a du Knut har mange av dette slaget. Spør meg gjerne om du lurer på noko: vibeke.mo@kavli.no
Vibeke Mo
Berre plakatar (16.07.2006 kl. 09:32)
Desse to forslaga til plakatar har ikkje noko med t-skjorter eller noko anna slags profilering å gjere. Alt dette kjem ein tilbake til seinare.
Nei, dette skal berre vere plakatar som ein henger opp.
Knut Hustad
Møre Nytt (16.07.2006 kl. 01:10)
vi he no na Rune i Møre Nytt.
går no and å få nåke på trykk dær.
Hjorundfjord.no.
eller me kan få nett.adr. på bussen vår :P
Ingunn Hjorthaug
Bruk av Epost (16.07.2006 kl. 00:54)
Plakater er nok ok det men det er også viktig å spre adressa gjennom eposten til folk.
Men bruker folk eposten daglig.
Mi erfaring er NEI.
Det er Ikkje berre dere som har problem med å få adressa til heimesida ut til folket.
Ser berre når lagsbruk laget Heimesida til Lagshusa
www.kulturbyggnett.no
Vi har prøvd å få ut innformasjon til alle lag. Laga skal registre seg på denne heimesida men ennå har få gjort det.
Kvifor veit eg ikkje.
Denne sida skal vere til for å spre innformasjon om alle dei fine kulturhusa som er rundt om i landet.
Kva tenker kulturministeren andre statsråder når dei titter på husbasen til sida.
ER DET SÅ FÅ KUTURHUS I MØRE OG ROMSDAL?
Treng Møre og Romsdal penger då når dei ikkje har hus?
Stå på og prøv å få innformasjon om Portalen ut til folk.
Det er ikkje lett støtt.
Perry Bjørke
alternativ.................. (16.07.2006 kl. 00:52)
Viss det skal passe med dei svarte t-skjortene må dokke ta alternativ 1.
Men alternativ 2 er sikkert enklare å få auge på.
Ingunn Hjorthaug