Utbygginga vil fråføre vatn på ei om lag 3,4 km lang elvestrekning og utnytte ei fallhøgde på 355 m frå 380 moh. På dei nedre 2,3 km vil avrenninga frå Litledalselva syte for at Urkeelva etter utbygginga opprettheld om lag halvparten av naturleg vassføring, heiter det frå Noregs vassdrags- og energidirektorat i ei pressemelding.

Av omsyn til friluftsinteressene og naturmiljø er det gjeve løyve m.a. på vilkår av at det vert sleppt ei minstevassføring på 230 l/s om sommaren og 130 l/s om vinteren. Nye inngrep vil i hovudsak omfatte inntaksdam/-basseng, rørgate og kraftstasjonsområde.

NVE vurderer utbygginga saman med dei avbøtande tiltaka til å vere akseptabel i høve til allmenne interesser.

Les meir i Møre-Nytt tysdag.