Eg var med far min til Kvamsedalen for fyrste gong som 9-åring.  Han gjorde meg allereie den gongen oppmerksom på dette "holet" - holet i Kvistadkjerringane. 

Fjell og fiske 009

Han fortalde meg at det visstnok hadde vore ein mann frå Villane i Bondalen som ein kveld hadde sett månen gjennom dette "holet".  Kjenner nokon til dette?  Eller er det ein brukar av hjorundfjord.no som veit  meir?

I kveld hadde eg ein fin kveldstur på Skårasalen. (Sterkt å tilrå. Ikkje fluger om kvelden, vakker sol og ikkje ein vindpust på toppen)  Det var på turen opp eg tok dette biletet og vi ser her heilt klart at det ikkje er eit hol, men ein stein som truleg har falle ned frå ein topp og kilt seg fast.  Eller????

Over 1300 meter møtte eg på Issoleiene.  Eg måtte berre ta eit bilete.

Fjell og fiske 011

Knut Hustad