CG - Folk på brovingen
 Mykje folk på Christian Gaard

Arrangementet i helga gjekk utruleg bra. Over 150 personar betalte seg inn med cover i baren på laurdag, men ein reknar med at rundt 250-300 personar var innom Christian Gaard denne laurdagen. Fredagen var folketalet litt spakare, men humøret var på topp med alle mann likevel.

Artistane vart godt tekne hand om under opphaldet, og Turid Rønning diska opp med nytrekt fisk på fredagen, og søndag var det nysteikte sveler å få etter ei lang natt på Christian Gaard. Det vart også tid til å prøve badestampen til tidligare rådmann i Ålesund, Knut Sjåstad som har hytte rett ved Christian Gaard.

 


web_p1000968
Heidi Hauge (t.v) og Roy Martin spelar for eit fullsett dansegolv under ein svært vellukka country-weekend på Trandal.

Laurdags kvelden vart den desidert beste kvelden, og folk frå fjern og nær møtte opp for å sjå Heidi Hauge og Roy Martin opptrå. Skyssbåtane gjekk heile kvelden og natta. Først for å hente gjestar rundt om i området, og seinare heim igjen. Ikkje før nærmare kl. 05.00 hadde alle mann komt seg heim igjen på grunn av sprengt kapasitet, og skyssbåtane kunne leggje til kai for ei stund igjen.

Musikken gjekk i eitt heile kvelden og gjestane var i veldig godt humør. Dansefoten var lett og så mange som det let seg gjere kom seg på dansegolvet, som var frå tidleg på kvelden til langt på natt heilt stappfullt. Dei som ikkje fekk plass på dansegolvet visste likevel råd og dansa der det let seg gjere. Få føter sto stille denne kvelden.

Hamna full - Heidi Hauge konsert

Den nybygde hamna på Christian
Gaard vart fullstappa denne kvelden.

web_p1000990
GP's Duo beståande av Sigfrid Eiksund
og Gunnar "GP" Pedersen er vertar i juli
og har med seg fleire spennande gjeste-
artistar. 

Sjølv om det var mykje folk og ingen utnemnde vakter vart det likevel berre eit nesten-tilfelle av bråk denne kvelden. Gjestane roa sjølv ned gemytta og gav klar beskjed om at slik oppførsel hørte ikkje heime i slike omgjevnadar. Kvelden fortsette uten meir bråk, og alle såg til å kose seg godt. Sjølv med konkurrerande arrangement med båtfestivalen i Ålesund var det stappfullt på Christian Gaard.

Roy Martin reiste søndags kvelden saman med Heidi Hauge. Dei skulle gjerne ha vore lenger på Trandal, men Roy Martin måtte utanlands der han skal være hovudtrekkplasteret i den første store country-festivalen i Romania.  

Heidi Hauge Konsert
Leroy Norrby (t.v), Tor Eirik Trandal og
Ingvil Viddal Nes kosar seg på Trandal.

Arrangøren Frank Storeide og Gunnar "GP" Pedersen er svært nøgde med arrangementet og meiner det har vore heilt topp å ha slike artistar som trekkplaster.

Fleire kjende artistar står på plakaten denne sommaren, og neste helg vert det Mini Titanofestival  med nordisk trekkspelmester, Sigmund Dehli (grunnleggjar av Titanofestivalen) og Per Fagre Stryn Bolstad oldebarnet av den kjende komponisten med GP´s.

- "Ta med toraderar, trekkspel og feler og buskspel saman med dei kjende gammaldansutøverane" oppfordrar dei.

28 - 29 juli vert det også "Den siste mohikaner" med slagerkongen Arne Bendiksen der ein det vert allsong med kjende songar som "Den blå ballong" osb...

 

Bileta er tekne med lånekamera frå Frank Storeide på Christian Gaard.

Les meir om kva som rører seg på Christian Gaard på http://www.christian-gaard.no. Fleire bilete frå arrangementet finn du i bildegalleriet der.