Dette er kort og godt eit fantastisk bilete. I går etterlyste hjorundfjord.no fleire brukarar av portalen vår - og så dukkar dette biletet opp - frå Finnmark.  Igjen: Fantastisk.

Foto: Jørn Berg

For ei tid tilbake vart det etterlyst bileter av mange hesjar her frå fjorden, men ingen (men eitt er undervegs..) bilete dukka opp.  Ikkje før i dag - og biletet kjem frå Finnmark.

Biletet er teke først på 80-talet, truleg i 1982.  Staden heiter Finnvik og ligg inst i Gamvikfjorden.  Denne fjorden er på Sørøya, ei øy vest for Hammerfest.  Denne øya er delt mellom fleire kommunar.  Underteikna  får neste tårer i augo når eg ser dette fotografiet.  Sjølvsagt også fordi biletet er vakkert, men mest fordi eg også var eit par turar ut på denne øya i "embets medfør"  mens eg arbeidde som lensmannsbetjent i Alta.  Elles er Sørøya ei stor øy og mange sjøfolk og fiskarar her frå fjorden kjenner heilt sikkert til Sørøya meir detaljert.

I skrivande stund har eg enno ikkje fått snakka med fotografen, men eg skal kome tilbake til sentrale spørsmåk om hesjing, t.d. kor mange partar som er brukt, kor mange golv/rom osb.  Sjå elles sandstranda  i bakgrunnen, ei strand som er 1,5 km lang.

No må vi vakne her i fjorden også.  Sjå gjennom gamle album.  Har vi foto med meir enn 35 hesjar på?

Knut Hustad